Då me var små og hadde gøymeleik, spurde dei som skulle leite om hint: Er det foggel eller fisk eller midt-i-mellom? Klepp kommune har meldt seg på leiken.
Klepp starta med foggel: I rundkøyringa i omkøyringsvegen rundt Kleppe er det ein flott blå fugl. Det var nokre kritiske røyster då han kom opp: Han kosta pengar, og "var det noko nytte i ein blå foggel?" Men dei fleste liker han, og han har blitt eit friskt landemerke. Nokre spøkefuglar la også egg under han ein gong, rett nok traktoregg...
Deretter blei det fisk: I den nye rundkøyringa på Foss-Eikeland er utsmykninga fiskar. Så nå er det både foggel og fisk i Klepp.
Kva så med neste rundkøyring då, på Kåsen, Skjæveland eller Orstad eller ein annan stad. Eit dyr "midt-i mellom"? Ei ku eller ein sau? Sauer er friske dyr, sjå video og bli glad. Det er vår!!