søndag 17. september 2023

Alkmaar - Amsterdam 61km

 Dag 1 på sykkeltur i Nederland juli 2023. Skriving på etterskot.

For første gong drar vi på sykkeltur utan å møte ein einaste arrangerør. Litt rart, men når ting fungerer er det greit. Det held nok prisen nede. Vi betalte 805 euro pr person for sju overnattingar + 164 euro for leige av elsykkel. 

I hotellet i Alkmaar står leigesyklar på rekke og rad i kjellaren. Vi får kartmateriell og nummerert nøkkel i resepsjonen, og syklane er utrusta med sidetasker, pumpe og litt til eventuell reparasjon. Men for eksempel ikkje umbraconøkkel. Det får vi bruk for til å justere seta nokså snart: Sykle ikkje mange min med eit sete som "gnissar"! Første gong vi stoppa og prøvde å justere seta, var det ein veldig serviceinnstild nederlendar som ropa oss inn, henta fram sitt komplette sykkelverktøy og hjelpte oss (Bilete 1) Men det var ikkje heilt perfekt, så neste var å kjøpe verktøy i ein sykkelbutikk. Det har dei i det landet. (Neste: Ta med verktøy på sjølvbetent tur).

Den første dagen sykla vi i ein skog og gjennom mindre byar: Bollendorp, Heiloo, Akersloot (med den kjekke mannen), Uitgeest, Krommenie, Wermeerveer, Zaandijk, Krog aan de Zaan, De Heel, Landsmeer og så inn i Amsterdam via gratis sykkelferje. Mellom byane er det store og små vatn, dyrka jord, dyr som beitar og kanalar heile tida. Ved Zaandijk passerte vi ei rekke med gamle, flotte vindmøller, og fekk ei påminning om korleis det var å vere flokkturist (Bilete 3) - Det var hordar av turistar ved desse vindmøllene, elles få i landsbyane.

Det var veldig lett å finne fram heilt til vi kom til Amsterdam. Der er ikkje vegvisarane (knoopunkt) så tydelege. Men med hjelp av Google Map gjennom turistgatene fann vi likevel hotellet - som låg noko utanfor sentrum. Akkurat det var litt dumt når "han der" ikkje er så god til å gå. Vi vurderte å ta ut syklane, men fann likevel ein fantastisk spiseplass i ein park i nærleiken "Gin und Musselen" eller noko slikt (bilete 4). 

Turen gjekk i vesentleg grad sørover, og det var ein del motvind - då var det utmerka med elsykkel. 






lørdag 16. september 2023

Platja de Palma - Palma de Mallorca

Palma de Mallorca har fått samanhengande sykkelveg frå Platja de Mallorca til sjølve byen på ca 17 kilometer. Med start ved turistmaskinen Platja sykler ein på ein ganske brei veg saman med tøffe-toget, vareleveransar og andre syklistar. Fotgjengarane har eigen stad å gå. Sykkelstien blir etterkvart utan annan trafikk, og passerer eit fint naturområde mellom flyplassen og havet (med mange fly som i lufta over). Deretter langs strandpromenaden inn mot byen, forbi katedralen (under) og til slutt til marinaen kor har stoppar i ei «rundkjøring» (under). Nokre stader er sykkelvegen ganske smal, og det er mange syklistar, men ein må bare tilpasse tempo. Heilt super måte å oppleve Mallorcas største by på saman med Helle som eg hadde jobba saman med i Soller (under). Vi leigde syklar på hotellet (Iberostar Cristina) og sykla fram og tilbake på same sykkelsti. - Det var lett å få kjøpt mat og drikke undervegs.





fredag 14. juli 2023

Nederland 2023

 Nederland er svært god tilpassa sykling, Og saman med hundretusenvis av nederlendarar har me igjen tatt i bruk det fantastiske nettet kor me syklar på sykkelstiar og sykkelvegar frå knutepunkt til knutepunkt. Heile landet er knytt saman med eit nett av knootpunkt, eit system som er heilt topp utanfor byane, men av og til ikkje heilt perfekt i byane, Heldigvis har me også gps på telefonen i Amsterdam.

Årets tur går frå Alkmaar til Amsterdam til Hoorn til Medemblik til Den Helder til Texel og tilbake til Alkmaar (og vidare tar ne båt frå IJmuiden til Newcastle). Turen er heilt utan fysisk kontakt med reiseoperatør. Vi fekk rute og opplysningar i epost og i utskrift på det første hotellet der, eit hefte for kvar dag, og syklane sto klar i parkeringskjellaren med fullt utstyr, bortsett frå verktøy. Operatør for Pedalo er Dutch Bike Tours, og så langt (etter to dagar) ser det ut til å ha fungert godt. Håper bare på at me ikkje punkterer, då har me beskjed om å klare oss sjølv.







onsdag 13. juli 2022

Streikefast i Brønnøysund






Kva gjer ein når ein blir to dagar streikefast i Brønnøysund? Og veret er fint. Då leigar ein syklar på turistinformasjonen og syklar til Torghatten igjen, men denne gongen tar ein eit godt måltid på Torgarhaugen kafe og syklar deretter rundt Torghatten på ein sti som går nedanfor campingplassen og deretter rundt fjellet. 



Dagen etter syklar ein til Skarsåsen festningsanlegg frå andre verdskrigen. Det var interessante tunnelar og kanonstillingar, og oppslag om historien. Brønnøysund blei kalla Vesle Berlin på grunn av at NS hadde 90 medlemmar i den vesle byen. Dessutan var det fabelaktig utsikt over søndre Helgeland.  Det er ca 4 km ut til Skarsåsen, så deretter syklar ein rundt i byen, ser på den gamle kyrkja med minnesteinar over falne sjøfolk og soldatar, og  den nye stradpromenaden.  

søndag 10. juli 2022

Vevelstad - Brønnøysund 35 km

Mykje av turen denne dagen gjekk på riksveg 17, noko eg trudde skulle bli litt nifst. Men trafikken var liten, og bilane tok hensyn. Når det er ferjer i begge endar, blir det ikkje så mykje trafikk,sjølv om det var Vevelstad-dagar og aktivitet fleire stadar. På ferjeleiet på Andalsvåg var det fiskekonkurranse for barn og demonstrasjon av bruk av redningsutstyr. Etter ein kort ferjetur til Horn, sykla vi innom Hildurs urterarium, såg på urtene og prøvde urtepizzaen, før vi rulla inn til Thon Hotell Brønnøysund, fekk levert syklane og fekk beskjed om at flyet vårt fra Trondheim var kansellert, og vi fekk fly to dagar seinare. Toga var fulle, Hurtigruta gjekk seint nedover, så etterkvart bestemde vi oss for å bli o Brønnøysund to dagar ekstra. Kanskje leie syklar?



Oppsummering: Ein fantastisk tur. Ikkje så mykje sykling, men desto meir andre aktivitetar: klatring til Torghatten og i Vegatrappa, RIB-tur, museum om fiskeoppdrett i Brønnøysund, kystkultur og dunsanking på Vega, mykje å lære om livet i fiskeværa på RIB-turen, Petter Dass og Vevelstad bygdetun. Vi reiste med to hurtigbåtar og tre ferjer, alt koordinert av vår entusiastiske reiseleiar Knut Erling  Wedul, som kjørte bagasjen, fiksa syklane, hadde orienteringsmøter og sørga for at alle kom fram.

Overnattingane var varierte, alle greie på sine måtar, og dei to inkluderte middagane på Vega Fjordhotell og Forvik handelsstad var gode og lokale. Elles var det inkludert nistepakke kvar dag, og det var fint når det er eit stykke mellom kafeane - og husa i det heile. 

Vi anbefaler turen, sjølv om han ikkje direkte er billig. Du får ganske mykje, og er sikra plass på dei gode stadane.

Sandnessjøen - Vevelstad 40 km

 Veka før sykkelturen var det strålande ver i heile Norge, men det snudde då vi begynte på sykkelturen. Det var regn kvar dag, sjølv om det ikkje regan heile tida, det var opplett innimellom. Vi fekk kjenne Norge slik det kan vere, og med gamasjar over vanntette sko, regnbukse, ny regnjakke med hette, vannavstøttande hanskar og lue, samt sykkelbriller, gjekk det heilt fint å sykle. 




Men det var også fint å ta seg ein lang pause for å få med seg Petter Dass-museet og ein liten pause for å stikke innom den internasjonale krigskirkegården på Tjøtta. Mange russiske namn der, etter fangeskipet Rigel, feilbomba av dei allierte. Men også graver over ukjende soldatar. Ei påminning om kor feil krig er.




Frå Tjøtta ver det ferje til Forvik handelstad, kor noen overnatta og alle hadde boknafiskmiddag, vi overnatta på Vevelstad gjestegård, driven av eigaren som var vaksen opp på garden. Fine rom, gamle møbler i stovene og koseleg atmosfære. 

RIB-tur frå Seløy.

 




I pakken vår var det lagt inn ein RIB-tur med Seløy kystferie ut til fleire av væra utanfor Herøy og Dønna. Vi var i utgangspunktet litt skeptiske til ein båttur i regnet og blæsten, men godt innpakka i tjukk kjeledress, med vanntette hanskar og gode briller, var det ei oppleving å bli med på tur til stader vi aldri har vore og aldri vil kome til, og høyre historiar frå stadene. Det er hundrevis av øyer og holmar (12000 på Helgeland), det budde folk på Gåsvær, Måsvær og Åsvær, på Langøy, på Lamøy, Feøy, Sildøy og Seløy. Dyr og fuglar hadde gitt øyene namn. På nokre av øyane hadde det vore heile samfunn i storhetstida for sildefisket, på andre øyer var det ein eller to familiar med ei ku og elles fiske som næringsveg. Bøkene om Ingrid på Barrøy av Roy Jacobsen kan vel gi eit innblikk i livet der, tiltlane er De usynlige, Hvitt hav, Rigels øye, Bare en mor. Vi gjekk i land på Sandsundvær kor det i 1901 omkom 34  personar i ein orkan som fekk sjøen til å gå over øya og dra med seg både hus og folk som var der for å ha kort veg ut til fiskefelta. Etter ulykka blei det bygt ein molo.

Utværa blei fråflytta i 50- 60- og 70-åra då det blei gitt fråflytningstilskot som var så stort at det var vanskeleg å seie nei. Og når nokon begynte å flytte, forsvann skolar og post, og samfunnet gjekk i oppløysing. Husa som står nå, er feriebustader.  

Etter turen på minst to timar, åt vi matpakke i bua til Seløy kystferie før vi sykla vidare 21 km  til ferjeleiet Bjørn på Dønna. På andre sida var det kort vei til Sandnessjøen og hotel Scandic Sju Søstre. Regn og yr gjer det vanskeleg å sjå dei verkelege sju søstrene. Fullt på spisestadane i Sandnessjøen, men etter litt venting fekk vi bord på Sopranos saman med to i sykkelflokken. God mat og kjekke damer!