Første varsel gjekk ut til barn og barnebarn 1,5 år på forhånd: Vil de bli med på tur når eg fyller 60 år? Alternativa var å sykle i Europa (Bourgogne foreslått), tur i Sør-India (Tamil Nad og Kerala) eller tur i Nord-India (Sikkim eller Ladakh). Varselet gjekk ut til ein astrofysikar i Trondheim, ein jurist i Newcastle, ein dyrevenn og språkkunnig i Ovingham, ein sjuåring i Ovingham, ein vinimportør i Oslo og ein politi i Hønefoss. Dessutan til pensjonisten på Sandnes.
Og tru det eller ei: Det blei semje om sykkeltur ganske fort! Pensjonisten sette søkemoteoren i sving, og kom med eit forslag som kunne passe alle: Stjernetur i Alsace. Stjernetur betyr at vi bur same staden heile tida, men syklar i ulike retningar kvar dag.
Her er ei redigert utgåve av invitasjonen (og alle blei med!!)
Det humanistiske biblioteket i Sélestat
Program:
Etter kvart blei også ein lærar frå Klepp, ei helsesøster og ein osteopat frå Skudeneshavn påmelde.
Og tru det eller ei: Det blei semje om sykkeltur ganske fort! Pensjonisten sette søkemoteoren i sving, og kom med eit forslag som kunne passe alle: Stjernetur i Alsace. Stjernetur betyr at vi bur same staden heile tida, men syklar i ulike retningar kvar dag.
Her er ei redigert utgåve av invitasjonen (og alle blei med!!)
Eg vil gjerne ta dykk med
på noko av det beste eg veit, sykkelferie.
Reisemålet blir Alsace,
Frankrike, for der trur eg vi kan finne noko som kan interessere alle, i
tillegg til syklinga: Vinmarker og vinproduksjon, tidleg skrift og utdanning, historiske
byar, idylliske landsbyar, kyrkjekunst og god mat og vin. (Eg veit ikkje om dei
driv med Crossfit.)
Turen blir ein så kalla
stjernetur rundt byen Colmar. Stjernetur betyr at vi bur på same hotellet i
Colmar (Hotel Beauséjour), og kvar
dag dreg ut frå det. Det betyr òg at alle ikkje nødvendigvis må sykle kvar dag.
Alsace har tre nasjonale kulturskattar,
og vi skal heilt sikkert få med oss dei to siste, ja kanskje alle tre:
- Katedralen i Strasbourg
- Issenheimaltartavla i Colmar
- Det humanistiske biblioteket i Sélestat
Colmar
Gamlebyen
i Colmar har bruer og kanalar som har gitt opphav til kallenamnet "Petite
Venise" – lille Venezia. Han er som ein eventyrlandsby med skeive bindingsverkshus
og blomar i alle fargar; bysentret står på UNESCO si verdsarvliste. Sjå biletet
på side 1.
Men den
største skatten i Colmar finn ein innandørs, i det fredelige kapellet i Musée
d’Unterlinden.
Her
kan vi sjå Mattias Grünewald sitt meisterverk, Issenheimaltaret. Dette
meisterverket gjorde djupt og varig inntrykk på oss som såg det i 2007.
Detaljane her kan gi eit lite inntrykk av kva vi kan vente.
Det humanistiske biblioteket i Sélestat
Bøkene i Det humanistiske
biblioteket i Sélestat frå 1542 gjer oss i stand til å studere utviklinga av
boka frå 7. til det 16. århundret. Her finn vi mange håndskrivne bøker, blant
andre ei merovingisk lectionary (= preikenbok) frå det 7. århundret, den eldste
boka i Alsace. Bøkene ligg under fløyelsteppe, slik at lyset ikkje skal
øydeleggje dei.
Katedralen i Strasbourg
Den gotisk-romanske katedralen, Notre Dame, er eit av
dei vakraste og mest imponerande kyrkjebygga i Europa. Han har bare eitt tårn
(142 m), som vart ferdig i 1439. Det gir bygget ein asymmetrisk og særeigen
profil. Kyrkja er eit eksempel på brytninga mellom fransk og tysk gotikk. Ho
har ei ualminneleg rik utsmykking med vakre glassmaleri, skulpturar og eit
astronomisk ur frå 1571.
Vin i Alsace
Bortsett
frå litt raudvin og rosévin, lagar ein her kvite, tørre vinar (92 prosent av
produksjonen) samt god musserande vin, AOC Crémant d’Alsace. Men vin skal Marie
få fortelje meir om.
Program:
▪ Kome til Colmar - best med fly til Basel eller Strasbourg
▪ Rundtur i dei berømte vinlandsbyane, m.a. Riquewihr, Turckheim, Eguisheim. Ruta
er 60 km, men det er ein rundtur rundt Colmar, slik at det heilt sikker går an
å korte ned.
▪ Sélestat:
enten med tog frå Colmar til Sélestat utan sykkel og 0 km sykling, eller tog + 37
km liten rundtur, eller sykling heile vegen frå Colmar tur/retur 60 km for dei
sprekaste.
▪ Tog + sykkel til Strasbourg, sykling 25 km - oppleve Strasbourg
Fødselsdagsmiddag om kvelden.
Fødselsdagsmiddag om kvelden.
▪ Reise heim eller forlenge.
My little pony har lov å bli med.
Etter kvart blei også ein lærar frå Klepp, ei helsesøster og ein osteopat frå Skudeneshavn påmelde.