
Han der har funne flybillettar til og frå Catania, den nest største byen på Sicilia. Frå flyplassen ved Catania vil turen ha denne ruta: Caltagiorne - Piazza Amerina - Caltagiorne - Modica - Pozallo - Marzamemi - Noto - Siracuza. Det blir korte strekk på mellom 25 og 55 km, men mykje kultur. Attraksjonar frå UNESCOs verdsarvliste står i kø, og me vil ha god tid til å sjå på dei.
For eksempel kan me sjå på bikinijentene og mykje annan mosaikk i Villa Romana del Casale i Piazza Amerina. Mosaikken stammar frå ein herskapseigendom frå romartida, men har vore dekt av jord frå eit skred i mange hundre år.

Jordskjelv og vulkanutbrot har samanheng med at Sicilia ligg der den afrikanske og den eurasiske kontinentalplata møtest. Vulkanen Etna er framleis aktiv, og høgda varierer på fjellet, fordi utbrot formar toppen på ny og på ny. Men Etna er det høgaste italienske fjellet sør for Alpane, over 3000 moh. Siste utbrot var i desember 2015, me får håpe me får sykle utan jordskjelv, lava eller oskeutbrot. Lavaen skal visstnok vere seintflytande, så det er visstnok råd å kome seg unna. Me får sykle veldig fort...