|
Lokoloko kjørte oss heile vegen opp. |
Planen å kjøpe sykkelrundtur på Madeira blei forlatt då det viste seg å vere svært vanskeleg å kome seg til Madeira med rutefly. Det blei pakketur om Oslo, Vingreiser, med hotell i Funchal. Det er mange byrå som tilbyr stisykling på Madeira.
For å vere sikker på at det blei sykling, hadde Hu der bestilt ein «cross country»-tur på forhånd, med turfirmaet
Lokoloko. På flyplassen møtte vi ein erfaren Madeiraturist frå Stavanger: Det går ikkje an å sykla på Madeira, det er for bratt, sa han. Kanskje han hadde rett?
|
Over 1400 meter, over skyene! |
Loko betyr gal, og det spelar på den tyske dama som starta selskapet som tilbyr fjell- og stisykling, rafting, klatring mm. Då ho for 10 år sidan starta firmaet, meint mange at ho var gal, men det siste seg at ho starta ein suksess, mange turistar liker å ha ein aktiv ferie.
Lokoloko, det kunne like godt ha vore Hu der det handla om. Hu det som er litt redd i nedoverbakke etter eit stygt fall i 2015. Her var det 1400 meter nedover! Nokre stader stupbratt. Og når det ikkje var stupbratt nedover, var det på smal levada. Levada er vanningsanlegg, ei renne med vatn laga for å frakte vatn frå nordsida av øya med mykje regn, til sørsida kor det ikkje er så mykje regn. Levadaene er som jernbanen, den held høgda, for då renn vatnet ikkje bort. Det betyr bruer over gjel og nedgraving i terreng. Ein tunnel kan og dukke opp. Greit å sykle på den måten. Men stien kan vere smal og uryddig, og inga sikring på kanten når stien ligg på ei smal hylle og 30 meter rett ned, så spennande å sykle! All nedstigning blei tatt før, mellom og etter levadasyklinga, og som sagt, bratt!
Hu der kom på gruppe med fire galne menn. Ei guide, ein tynn og sprek innfødd ca 30 år som hadde sykla fjellsykling sidan han var fødd, og elles dreiv han med paragliding. Phil fra Frankrike, dreven alpesyklist, Mike frå England, who preferred off road biking, og Han der, galen han og. Det blei litt fart nedover, kan du sei. Hu der lærte litt stisykkelteknikk, ned med setet og tyngdepunktet bakover, det gjekk betre då, som å stå på ski, og hu la seg sist i feltet. Men det var langt, over 40 km, og på slutten blei det eit svalestup som sikkert kunne blitt stygt etter ei for brå oppbremsing. Men det blei bare nokre ømme parti og tre skrubbsår. Lokoloko skaffa ein stor pose med is, så hevelsen på kneet gjekk ned.
|
Mike punkterte, guiden skifta slange, lett som bare det. |
Det var elles god valuta for pengane. Vi blei henta, fekk gode syklar, hjelm, guide, blei kjørde opp på toppen, og kjørde tilbake til hotellet. Det kosta vel 750 kr pr person.
I dag, dagen etter, er kroppen mør, både gangsperr og forslått! Gåturen er flytta ein dag fram, vi rekreerer. Hadde Hu der visst kor tøft det var, hadde hu nok ikkje tatt turen, men kjekt etterpå når det er gjort. Det var turkategori
lett! Lurer på korleis dei middels turane er? For ikke å seie dei krevjande?
|
Terrenget litt lenger nede. Der sykla vi langs levada-anlegga (vanningskanalar). |
|
Den blå streken viser første del av turen, deretter var det ned til kysten aust for Funchal |