21 miles/ 33,5 km. Del av nasjonal sykkelrute nr. 1.
Mange jernbaneruter i England er nedlagde, etter at Richard Beeting hadde sett i verk ei sterk modernisering av britisk samferdsel på 1960-talet. Frå siste del på 1800-talet hadde England jernbanespor på kryss og tvers, det blei for dyrt og gjekk for langsamt, fann dei ut, og 3000 stasjonar blei nedlagde, og mange kilometer jernbanelinjer blei tatt ut or drift.
Heldigvis er mange av dei nedlagde linjene omlaga til sykkel- og turvegar. Ein slik turveg er Cinder trail mellom Scarborough og Whitby. Å gjere ei jernbanerute om til sykkelsti er heilt genialt, når ein først er så dum å leggje ned jernbanen: traseen ligg klar med bruer og undergangar. Det er bare å ta bort svillane og jevne ut underlaget. Verken syklistar eller tog likar sterk stigning eller bråe svingar, så ein jernbanetrase er perfekt for sykling.
Eg sykla bare ein del av Cinder trail på min medbrakte Brompton samanleggbare sykkel. Ein dag frå vårt utgangspunkt i Robin Hood Bay til Whitby tur- retur, ein annan dag t/r Ravenscar, halvvegs til Scarborough. Cinder trail heiter som han heiter fordi jernbanen var lagd på cinder, slagg, i staden for på småstein. Dette underlaget er det nok litt igjen av, for underlaget var godt og hardt å sykle på for det meste, som oljegrus, nesten. Det gjekk stort sett veldig greit å sykle, sjølv med små Brompton-hjul.
Denne ruta var fantastisk godt merka. Eg sykla utan kart, hadde bare sett ruta i ein reklamebrosjyre, og visste kor eg skulle starte ved stasjonen i Robin Hood Bay.
Dersom vi startar i Whitby, er den største utfordringa å finne utgangspunktet, sjå biletet over. Finn ein bare dette, er ein redda. Resten av vegen er svært lett å finne. Nokså fort etter Whitby kryssar ein elva Esk på Larpool viadukten, ei meget avansert gang- og sykkelveibru, ta ein kikk på lenka.
Derfrå kjem ein til Hawsker gamle stasjon, med sykkelutleige og gamle jernbanevogner, kryssar vegen eit par gonger (utan større problem), for så vidare, totalt bilfritt, sykle langs frodige, grøne bakkar ut mot havet med ei fantastisk utsikt, før ein ser Robin Hood Bay. Dei la jernbanen flott til i dei tider sist på 1800-talet då dei bygde linja.
Syklar ein heile ruta, må ein ikkje la vere å dra ned i Robin Hood Bay. Tidlegare ein isolert fiskarlandsby og smuglarhamn ( for eksempel for te, brennevin og tobakk), nå ein malerisk turistby med svært mykje opprinneleg sjarm intakt. Robin Hood Bay er også avslutningspunkt for dei som går Coast-to-coast, tvers over England, og mellomstasjon for the Cleveland Way, ei lang, samanhengande vandrerute i Yorkshire, først på moors og dales, så langs kysten på klippekanten. Heilt nydeleg.
Frå RHB syklar ein derimot litt lenger inne i landet sørover mot Raven Hill/Ravenscar og Scarborough. Her varierte underlaget noko. Nokre stader vel ujamt, men stort sett bra. Det er interessant å sjå korleis dei har fylt ut ravinar og plassert toglinja i det kuperte og skrånande landskapet. Det er litt av eit landskap i nordaustre Yorkshire, klippekanten ligg høgt over havet, og kvar minste bekk har skore seg djupt ned i landskapet. Difor er det svært bratt her og der. Mellom Robin Hood Bay og Ravenscar er det ganske aude. Eg passerte fire-fem gardar. Ikkje mykje for ein jernbane.
Då jernbanen kom i 1885, blei det bygt hotell og satsa på turisme både i Whitby, Robin Hood Bay og i Ravenscar. I Whitby har det vore suksess, i Robin Hood Bay ganske vellukka, men i Ravenscar er tilgjenget til stranden for vanskeleg og bratt, og staden har ikkje blitt nokon turistsuksess, heller ein fiasko. Vidare går traseen til Scarborough, men der har eg ikkje sykla. Derimot hadde eg meg ein tur på sykkelsti/ nedlagd jernbane inne i York by, men det er ein annan historie.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar