lørdag 13. august 2011

Langs havet frå Tananger til Tungenes




Sterk vind frå søraust, men sol og god temperatur. Me sykla langs den ytre Nordsjøruta, heilt i havgapet. Parkerte ved kyrkja i Tananger og starta der. Turen er verkeleg ei flott oppleving, spesielt med vinden i ryggen. Me har sykla denne ruta før, men hugsa ikkje kor spesiell ruta er:

1. Svært kupert og nokre stader ganske dårleg dekke, så tempoet må vere lågt.
2. Mykje å sjå, i tillegg til det flotte med å sykle like ved Nordsjøen:

Tananger gamle havn - litt idyll, med m.a. Hummeren hotel
Tanangerbrua
Kiellandmonumentet (3) til minne om ulykka på plattformen Alexander Kielland i 1980
Vistehola (2) frå steinalderen
små badestrender
intensivt jordbruk og relativt lite busetnad
svaberg og lynghei, med blømande lyng
Tungenes fyr (1), som hadde kaffe og vaflar til sals (lø - sø 12 - 16) og litt opplysningar om fyret. Fyret er eit lei-fyr: Eit fyr som hjelpte båtane å finne leia inn i fjorden.
    Viser kvaliteten på dekket nokre stader, krev lågt tempo

    På Tungenes måtte me snu (syklar ennå ikkje på vatnet), og søkte oss innover i landet for å sleppe så sterk motvind. Det hjelpte. Stoppa i Randaberg sentrum (?) Kor er senteret? Ein butikk her og der og parkeringsplassar! Det hadde vore kjekt med eit sentralt torg som butikkane kunne vende mot. Spesielt når Randaberg vil kalle seg grøn landsby. Men det er vel ikkje så lett å snu eller flytte bygga når dei først er der.

    Frå Randaberg sentrum fann me ein veg med innkjøring forbudt for gjennomkjøring til Goavegen. Glimrande å sykle, nesten til Hålandsvatnet, som har nydeleg sti rundt. Her må det bli ein ny sykkeltur, for eksempel "Fire vatn i Stavanger": Hålandsvatnet, Stokkavatnet, Mosvatnet og Breiavatnet. 

    Resten av vegen til Tananger var tung i motvind, men det gjekk. Me var uventa trøytte etter ein tur som bare var på vel 40 km.


    tirsdag 2. august 2011

    Rundtur på Lista

    Flate Lista

    Listahalvøya er kjend for å vere flat, og bør derfor vere ein fin plass å sykle, så sant det ikkje er for mykje vind. 1. august 2011 var ein av dei få dagane, og me var der...

    Start og parkering i Farsund, langs kysten på nasjonal sykkelrute 1, kystruta, som etter ei stund på bilveg flott svingar av mot venstre inn på grusveg langs havet. Som på Jæren er det sandstrender ytterst på Lista, deretter flatt jordbruksland og fjell innanfor. Nesten som Jæren, men ikkje heilt. 

    Det er nok noko mildare klima på Lista enn på Jæren, hagane ved havet tyda på det, sjølv om Wikipedia seier noko anna. Hamna på Borhaug finst heller ikkje på Jæren, vi sykla ut på den over 800 meter  lange moloen der og blei imponert. Sjå biletet nedst på sida.

    Lista fyr var flott, kanskje litt likt Tungenes fyr, eller Obrestad? Men noko me ikkje har på Jæren er Amerika, eller Brooklyn Boulevard som dei har på Vanse. Amerika i Norge! Sjå bilete.
    Amerika på Vanse, Lista






    Rundturen Farsund – Borhaug – Lista Fyr – Ore – Vanse – Farsund var 41 km. Vegen over Ore og Vanse var ikkje sykkelrute 1. Det meste gjekk på bilveg, men nokså lite trafikk. Vi hadde fint ver og lite vind, så utren var lettsykla og fin. 

    Meir enn 800 meter molo på Borhaug