1. Svært kupert og nokre stader ganske dårleg dekke, så tempoet må vere lågt.
2. Mykje å sjå, i tillegg til det flotte med å sykle like ved Nordsjøen:
Tananger gamle havn - litt idyll, med m.a. Hummeren hotel
Tanangerbrua
Kiellandmonumentet (3) til minne om ulykka på plattformen Alexander Kielland i 1980
Vistehola (2) frå steinalderen
små badestrender
intensivt jordbruk og relativt lite busetnad
svaberg og lynghei, med blømande lyng
Tungenes fyr (1), som hadde kaffe og vaflar til sals (lø - sø 12 - 16) og litt opplysningar om fyret. Fyret er eit lei-fyr: Eit fyr som hjelpte båtane å finne leia inn i fjorden.
Viser kvaliteten på dekket nokre stader, krev lågt tempo |
På Tungenes måtte me snu (syklar ennå ikkje på vatnet), og søkte oss innover i landet for å sleppe så sterk motvind. Det hjelpte. Stoppa i Randaberg sentrum (?) Kor er senteret? Ein butikk her og der og parkeringsplassar! Det hadde vore kjekt med eit sentralt torg som butikkane kunne vende mot. Spesielt når Randaberg vil kalle seg grøn landsby. Men det er vel ikkje så lett å snu eller flytte bygga når dei først er der.
Frå Randaberg sentrum fann me ein veg med innkjøring forbudt for gjennomkjøring til Goavegen. Glimrande å sykle, nesten til Hålandsvatnet, som har nydeleg sti rundt. Her må det bli ein ny sykkeltur, for eksempel "Fire vatn i Stavanger": Hålandsvatnet, Stokkavatnet, Mosvatnet og Breiavatnet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar