Ørnulf, Pilfinnersken, Han der
og Hu der starta sykkelturen på Hotel Panorama Beaune utanfor
Beaune. Hotellet låg midt i vinmarkene, og vi
sykla rett ut i dei. 800 m etter hotellet svingde vi inn mellom to murgjerder,
og der var vi, litt oppe i lia, snirklande mellom
vinmarkene frå landsby til landsby.
Vinrankene i Bourgogne er ganske låge, og dei kjører med maskinar i åkrane, det kan vere grunnen
til at dei held dei så låge som ein meter.
Landsbyane vi sykla gjennom kan forvekslast med ei vinliste: Beaune - Pommard - Volnay - Mersault - Puligny-Motrachet - Corpeau - Chagny - Rully - Mellecey - Germolles - Givry - (Chalon-sur-Saône)
Overalt
er det velstand, det har lønt seg i mange generasjonar å dyrke god vin. Mellom vinmarkene går det små gardsvegar som har blitt til
Voie Verte, det grøne sporet, og er ein del av eit sykkelvegnett over heile Frankrike. Ein har brukt nedlagde jernbanespor, bygdevegar m.m. og laga sykkelveg. vi sykla oppe i lia og langs kanalen, Canal
du Centre, ein kanal som går vestover til Loire-elva.
Bygd for å frakte kol frå gruvene i Bourgogne.
Alt gjekk veldig fint, kart og vegbeskriving var upåklageleg, syklane ok, om
enn tunge i forhold til dei vi har heime. Det var sol, omlag 25 grader, og alle vari
godt humør. Hotellet vi komfram til i
Chalon viste seg også å vere nyoppussa og fint, Hotel Le Saint Georges
Blomar
langs vegen: fantastiske rosebuskar og klatreroser, kala, iris og peonar i dei
flotte hagane.
Kart og vegbeskriving laga av Rückenwind, som vi har gode erfaringar med. Operatør er eit fransk selskap; France a velo.
.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar