I oppveksten min på 1960-talet var det bare ein type syklar som var aktuelle, DBS. Syklane var laga på Sandnes på Øglænds sykkelfabrikk, seinare på Kvål. Kortreist, lokalt og eit eksempel på lokalt initiativ. Nokre modellar her også. Men tidene skifta, Øglændarvingane selde aksjane sine til eit svensk firma, Monark i 1989, og sykkelfabrikken blei etter kvart lagd ned. Det var for dyrt med norsk arbeidskraft i konkurranse med Austen. Men ennå fins salsapparatet til DBS, Cycleeurope i Sandnes.
Men nå blir det likevel laga syklar på Kvål, der den siste DBS-fabrikken låg. Ådne Orstad har laga ei bedrift som set saman syklar ved hjelp av ferdige delar, Sykkellaboratoriet. Det spesielle er at kvar sykkel er unik, spesialtilpassa kroppen til kjøparen. - Det morosam er at Øglænds sykkelfabrikk starta på same måten i 1892, med å setje saman sykkeldelar dei fekk frå Tyskland (Hengstberg) og USA (The World), før sykkelfabrikken i Langgata i Sandnes blei opna i 1906. - Men Øglænd sine syklar var neppe spesialtilpassa kjøparen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar