London by, sponsa av Barclay, har klart å få til eit svært godt bysykkelsystem. Det er mange syklar, tett med oppstillingsplassar, godt vedlikehald og ei svært god internettside med alle typar opplysningar, mellom anna kor mange syklar som er inne på kvar oppstillingsplass. Ein grunn til at det var mange syklar inne heile tida, var betalingssystemet slik at den første halvtimen var gratis, etterpå steig prisen ganske mykje kvar halvtime. - Sette du frå deg sykkelen, kunne du begynne på ny halvtime etter fem minutt.
Pippi hadde vore i London før, og gjorde eit godt arbeid med å få med både Tommy, ho som ikkje er Annika og Prussiluskan med på tur den søndagen vi hadde i London etter ein dysleksikonferanse.
Pippi fekk oss raskt På Sporet frå marknad til marknad, de var jo søndag. Først til Camden-marknaden kor det blei litt handling, peruiansk og etiopisk mat frå buer og forfriskningar. I folkemengda var det herleg å sleppe å bry seg om syklane, det er tydeleg å sjå på Pippi og ho som ikkje er Annika at dei slett ikkje bekymrer seg for syklane --->
Etter Camden sykla vi eit heilt stykke til blomemarknaden i Shoreditch. Og før vi trykka oss inn i marknadsgata Columbia Road, var syklane parkerte.
Etter tredje sykkeluttak klarte Pippi å finne vegen tilbake til hotellet sjølv om kartet hadde reist frå oss. Godt gjort. - Einaste typiske Pippihandling var då ho skar til høgre tvers over fire filer for å ta ein sving.
Så var det kritikken. Vi måtte sykla i gatene. Det beste London hadde å by på, var bussfiler, men der var jo dei irriterande bussane. Like før nokre lyskryss var det laga nokre rørande sykkelfiler, ca fem meter, og plass for syklistar framfor bilane i sjølve krysset. - Det skla vere sykkelmotorvegar i London, men ikkje der vi var.
Wikipedia har ei fin side om sykling i London.