Tidleg i januar pumpa eg opp den vesle Bromptonsykkelen, monterte ny, sterk lykt og rulla glad og nøgd nedover lia mot Sandnes stasjon. Første gong i sesongen, frisk luft, men ikkje vind, fire - fem grader. Godt!
Eg veit ikkje kva som hende, men plutseleg låg eg der. Med store smerter i venstresida som eg landa på, og endå verre smerter i høgre hånd. Det viste seg seinare at tommelen var ute av ledd, eit bein brekt og eit leddbånd var av.
Det gjekk litt tid før det kom folk, og eg fekk ringt han der som kom med bil og frakta meg først til Sandnes legevakt, derettet til SUS for røntgen. Det enda med gips, operasjon av leddbånd ei veke seinare, og sjukemelding i tre heile veker + ei med 40 prosent sjukemelding. Det tok mykje meir på enn eg hadde trudd. Nå, 2.mars, har eg begynt å trene opp handa att, men eg skal framleis vere forsiktig.
Sånn kan det gå! Men eg skal bli heilt bra att. Øvst er det bilete av hånda med såkalla skinne, stadiet etter gips og før opptrening.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar