Colmar - tog - Sélestat - Kintzheim- Bergheim (lunsj) - Beblenheim - Ostheim - Houssen - Colmar.
Vurderinga gjekk ut på at å sykle tur-retur Colmar - Sélestat kunne bli for mykje for fleire rumper gjorde at me valde å ta toget til Sélestat for å sykle tilbake. Å ta sykkel på toget skulle vere relativt greit, med eigne sykkelvogner, sjølv om me då kom med seks syklar. Men det var ikkje så greit, ein tyskar stengde for dei tre siste syklane og hevda at det var fullt, han hadde også reservert vogna, og dessutan ville han heller ikkje løfte opp våre syklar når dei ramla. Me fekk likevel plass, men erfaringa med denne turen var god å ha vidare.
Humanistblioteket i Sélestat var under ombygging, slik at det med sine fem utstilte bøker ikkje blei for stort for nokon. Humanistbiblioteket er bygd opp rundt samlinga til Beatus Rhinanus og har både manuskript og trykte bøker, både blokktrykk (utskoren treplate) og typografisk trykte bøker frå før 1501, såkalla inkunablar.

Utstillinga var raskt unnagjort, så ein koseleg kafe med økologisk kaffe før syklistena tok farvel med togreisarane.
Igjen ein fin sykkeltur på vinruta. Me sykla denne dagen tidvis på sykkelveg EU 5 (på biletet over). At det er EU-sykkelvegar er nytt for meg, og interessant. Her er lenke til sida for EU velo routes. Desse sykkelvegane er svært gode og godt merka. Bortsett frå inne i byane er det svært lett å finne fram. EU 5 går frå London til Brindisi i Italia, og er ruta som erkebiskopen av Canterbury, Sigeric, brukte då han drog til paven i Roma (og vidare til Brindisi?). Ruta heiter Via Romea Francigena.

Igjen frå ein Hans-og-Grete-by til neste. Over ser me frå Bergheim kor me (den harde kjerne) hadde lunsj.
Dyrelivet Askeladden fekk med seg: Stork, ørn, hegre, spurvehauk, hønsehauk, vandrefalk, tårnseglar, trost, sangarar, svaner, ender, hare, moldvarphaugar. Me kunne ha sett alsacehamster, men det gjorde me ikkje.
Og plantelivet: Grønnsakhagar, raps, kveite, bygg, rug, kirsebærtre, moreller, epletre og anna frukt, modne rips, jordbær, selleri, asparges, salat og så vidare. Og sjølvsagt druer.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar