torsdag 9. oktober 2014

Nafplion - Epidauros - Nafplion 45 km

Siste sykkeldag.
Som avtalt dukka Christos opp med bil i god tid før kl 09, med eigen bil og ein annan sjåfør med lastebil til syklane. Dei svippa oss fort opp til Epidauros, eit 2300 år gammalt amfiteater med plass til 14000 og fantastisk akustikk. Vi hadde flaks og fekk innføring i akustikk av ein guide som viste punkta på scenen som var ekstra gode stader å stå på når lyden skulle nå opp alle tribunetrappene, forma på tribunetrappene og tomromma under scenen som ga klangbotn. Fuktig scenesand var også med på å løfte lyden. Ho ga oss demonstrasjon på korleis lyden endra seg når ho gjekk rundt på scenen, og etterkvart våga studentar frå University of Dallas, som kunne syngje, seg fram. Lyden ber opp alle tribuneetasjane!


Ved Epidauros møtte vi den første sykkelturist på turen, ein sveitsar som hadde sykla frå Sveits, heile Italia og tatt båt til Hellas og sykla nå rundt på Peloponnes. 

Frå Epidauros bar det nedover i øde landskap med nøttebuskar, igjen oliventre og til slutt pistasjtre. Vegane var asfalterte, men av varierande standard, så vi måtte vere ltii forsiktige i utforbakkane. Plutselig var vi ved sjøen, i turistland. Her var det både palmer, campingplassar, solsenger og tavernaer i fleng. Vi hadde god lunsj i Vivari, sykla vidare til Tolo, der det blei bading for dei mest badelystne. Temperaturen hadde etterkvart blitt ganske god, og vatnet var lunka. Vi skulle hatt med badetøy, fleire av oss!

Ruta inn til mål gjekk på småvegar på begge sider av hovudvegen. Godt med lite trafikk, men litt opp og ned. Nokre kilometer frå mål dukka det fram ei vinflaske og plastglass frå sekken til Nærværende og hennes mann, dessuten kom Elkjøp med musikkanlegg, stripsa på sykkelen. Sjarmøretappen blei altså gjennomført med musikk!


Så var denne turen over. All skepsis mot å sykle i Hellas er borte. Trafikken er så liten at det ikkje er  problem å sykle på bilvegar, og det er ganske mange småvegar mellom appeslsintrea og oliventrea. Dessuten har vi funne eit godt firma i Arkas travel service (www.discover-peloponnese.com). Syklane er nye, stødige og gode, rutene passe lange og lagde fint, hotella har vore veldig bra, severdighetene har vore ypperlege og mange, og når sola kom siste dagen, har veret også vore bra. GPS er eit must. Det er dårleg skilting i Hellas, og det hadde ikkje halde med kart, så kombinasjonen kart og GPS har vore særs bra,

Discovery travel har tre andre turar på Peloponnes, ikkje umulig vi kjem tilbake til ein av dei, eg antar den energiske Christos får til det han vil, sjølv om tidene i Hellas er dårlege! Her kan vi lese om prisen han fekk for pionerarbeidet, Enterprise Europe Network Awards i Brussel.


1 kommentar:

  1. Moro å følge dere.mye kultur og historie. Håper de kan utvikle sykkelturismen videre. Lille rektoren har nok mye å fortelle på mandag. Gleder meg til å høre. Rigmor

    SvarSlett