Alle turane me har sykla til no, har vore på ei veke eller kortare. Det har mange gonger vore litt kort, me har akkurat kome i siget, så er det slutt. Nå har me funne to turar som heng saman, slik at me får sykla i neste to veker gjennom det som må vere ganske variert landskap. Turen startar i den gamle, flotte byen Salzburg (festspel, kultur, Mozart), sørover i dalane Salzachtal, Drautal og Gasteiner Tal med gamle landsbyar og flott natur til byen Villach, kor første etappe sluttar.
Andre etappe startar i Villach i Østerrike, men ganske fort syklar vi over grensa til Italia, fortsetter å sykle sørover via Tarvis/ Tarvisio, Moggio og Udine til Grado ved Adriaterhavet, og til slutt til Trieste, kor me har vore før. Det ber frå alpeland til vinskråningar, vide dalar, elver ut til havet.
Tema for reisa må bli dobbelmonarkiet Austerike-Ungarn. Ikkje bare går halve turen gjennom det som framleis er Austerike, men den delen av Italia me syklar i, var også lenge ein del av dobbelmonarkiet (1815 - 1918). Arrangøren Pedalo forsikrar om at det er ein tur med vanskegrad 2, men eg ser jo for meg ei kryssing av Alpane, eller kva, og då må det vel bli litt tungt!
Me strevde litt med å finna ein god måte å kome oss heim frå Trieste på. Fly derfrå tok lett 22 timar (4 etappar) og kosta 5 - 6000. Løysinga kom då vi fann ut at arrangøren stiller med transport Trieste - Villach som korresponderer med transport Villach - Salzburg. Då tar me fly tur/ retur Stavanger - Salzburg!
Under: Salzburg

Hei. Har akkurat lest bloggen din. Vi syklet for noen år siden den merkete turen Mozart radweg med start og mål i golling rett utenfor Salzburg. en flott tur. Så vakkert. Helt enig med deg at en liten uke er for kort. drømmer stadig om en lang tur igjen. Det ser ut til å bli Paris -London på oss i sommer. Begynner å planlegge etapper og overnatting snart. Skal bruke bloggen for å få gode råd. Hilsen Rigmor
SvarSlett