fredag 5. juni 2015
På friluftmuseum i Sagres
Ei bonusoppleving i Portugal. Sein heimreise gjer at me har tid til å sykle ut på fortet/ museet i Sagres. Det er ein tur langs klippekanten med oppslag om fortet, sjøfararutdanninga, vegetasjonen, fuglelivet og naturformasjonar. Både kjekt og interessant, og godt med sykkel.
tirsdag 2. juni 2015
Tavira - Faro 42 km
Tavira var ein gong basert på fisking av tunfisk, nå er byen basert på turisme og er fint oppussa. Elva Gilhao renn gjennom byen. På begge sider er det gamal by, vi fann ein liten restaurant frå Trip Advisor: A Tasca. Vi steikte kjøtt på steinplate på bordet.
På kartet ser det ut til å bli ein tur i nokså øde natur, men det er feil. Det er spor etter menneske over alt. Fiskarar i Santa Luzia, luksusferiestad i Pedras d'ei Rei, småbyane Fuseta og Olhao og tilslutt Faro.
Me syklar gjennom våtmarkområdet Ria Formosa. Den gongen salt var viktig for bevaring av fisk og kjøtt, må dette ha vore eit viktig område. Fleire mil med område for saltutvinning av havvann. Eg har lurt på korleis denne utvinninga skjer, og trur eg forstår litt nå. Havvatn blir leia inn i store basseng. Saltet fell langsomt til botnen. Noko av det avsalta vatnet blir leia bort med til lågare basseng, noko fordampar nok. Til slutt kan dei rake saltet saman i store haugar. Men korleis dei får det reint er framleis eit mysterium for meg. Skal nok finne det ut.
Vegetasjonen i området er halophytiske plantar som tåler salthaldig jord og mykje salt. Det er mykje av ein vekst med små lilla blomar som får det til å sjå ut som ei lyngmark på avstand, men også kaktus og tistlar.
Litoral Ecovia (den grøne kystvegen) er Portugal sin nordsjøveg. Mykje av vegen er på grus, frå fast og god til ganske laus. Elles ein god del på asfalterte og brulahde småvegar og litt på stygge bilvegar, men lite av det. Våre tyske venner var litt plaga av ristinga, men vi er nok meir vane med slikt og utrusta med hanskar og sykkelbukser.
Løypa tok oss rundt Faro, vi fekk sjå fabrikkruinar og eit område med små, dårlege hus. Sigøynarar? Det var også nokre stader forlatte hus og åkrar, men det dominerer ikkje. Mykje er fint oppussa og velstelt.
Faro er hovudstaden i Algarve, men likevel ein nokså liten by, med 58000 innbyggjarar i heile kommunen. Mindre enn Sandnes, men mykje eldre. Byen har ein gamleby innanfor ein bymur, Vila-Adentro, delen der maurarane måtte bu, Mouraria og havnedelen Bairro Ribeirinho. To gonger har Faro blitt lagt i grus, først i 1596 av engelske tropper, så i 1755 av eit stort jordskjelv.
Faro har opp gjennom tidene vore ein viktig havneby mellom Middelhavet og Atlantaren, besøkt av fønikarar, grekarar, romarar, vestgotarar og korsfararar. På 14- og 1500-tal var byen utgangspunkt for oppdagingsekspedisjonar og blei velståande.

mandag 1. juni 2015
Vila Real do Santo Antonio - Tavira 42 km
Første etappe Algarve. Denne turen startar i Faro med overnatting på Hotel Sol Algarve. Ankomstmøte var annonsert kl 08.30, heldigvis fann Lisa oss litt før og begynte på forklaring og demonstrasjon av GPS, for det blei plutseleg travelt. Vi skulle få informasjon, syklar, pakke og sjekke ut og vere på stasjonen før toget gjekk 09.30. Det klarte vi, godt hjelpt av Lisa som gjekk framfor oss og stoppa bussar og lastebilar då vi kom syklande mot kjøreretningen i ei einvegskjørt gate. Men vi nådde toget, og hadde ein fin tur til Vila Real do San Antonio saman med eit tysk par som syklar same rute.
Lisa Bikes hadde kart med bittesmå foto og GPS for å hjelpe oss å finne vegen. Det er alltid mannen i eit par som blir tiltrudd evnen til å finne vegen, så det var Han der som fekk sykkel med karthaldar og GPShaldar. Hu der stoler ikkje heilt på stadsansen til Han der, og sykla derfor det meste av turen med kartet i handa. Ruta er ikkje merka, så det er viktig å følge med på kartet, og når Han der etterkvart fann ut av GPSen gjekk det bra. Første lærdom var å forstå at pila på GPSen snur seg med brukaren, pila viser altså ikkje retningen ein skal i. Andre lærdom er at ein GPS av og til slår seg av og må startast på nytt. Tredje lærdom var at ruta var lilla, dei raude strekane er store vegar. Når det var lært, gjekk det ganske fint. Han der kontrollerte GPS og Hu der las kart ho hadde i handa. Ho Mista det bare ein gong.
Ein ispause i Monte Gordo kor vi fekk sjå ein fiskebåt kome inn og bli trekt på plass av ein traktor. Fint å sjå ay det framleis er litt fiske, for elles dominerer turismen totalt. I Monte Gordo er det mange store hotell bak stranden, og vidare på turen sykla vi gjennom fine rekkehusområde utan eit menneske. Trass i godt ver har ikkje turistsesongen begynt i mai, og tyskarane, engelskmennene og nordmennene som eig desse husa er framleis heime i landa sine. Det ser trist ut nå.
Deretter ut langs eit saltutvinningsområde før vi sykla inn i Tavira og lett fann hotellet. Takka vere Han der si brilliante lesing av GPSen.

I mai 2015 har temperaturen i Noreg vore låg. Herleg då å kome til 25 grader. Heilt avslappande første etappe 42 km nokså flatt. Roleg sykling og mange pausar.
Ein ispause i Monte Gordo kor vi fekk sjå ein fiskebåt kome inn og bli trekt på plass av ein traktor. Fint å sjå ay det framleis er litt fiske, for elles dominerer turismen totalt. I Monte Gordo er det mange store hotell bak stranden, og vidare på turen sykla vi gjennom fine rekkehusområde utan eit menneske. Trass i godt ver har ikkje turistsesongen begynt i mai, og tyskarane, engelskmennene og nordmennene som eig desse husa er framleis heime i landa sine. Det ser trist ut nå.
Men Algarve er ikkje trist. I dag sykla me forbi appelsintre, pinjer, oliventre, vindruer og masse blomar. Bougainville og hibiskus. Heile allear med hibiskus.
Deretter ut langs eit saltutvinningsområde før vi sykla inn i Tavira og lett fann hotellet. Takka vere Han der si brilliante lesing av GPSen.
Plassering:
Tavira, Portugal
Faro - Olhao do Agua 42 km
Farvel til Hotel Sol Algarve i Faro for andre gong, over jernbanen og sykkelveg i rekreasjonsområdet der. Typisk for turen: delar av løypa er ny og super, men plutseleg er det stopp, graving og gjerder, og vi må finne ein veg, på jernbanesporet eller over ei mark. Lett å finne, nokon har gått der før, men ikkje alltid like lett å sykle - laus grus, steinar, sjøsand, gras...
Meir turistslumaktig i Q.... Men fine strender.
Rundt Faro flyplass, deretter gjennom Ria Formosa, denne gong lagunen der trekkfuglane våre er om vinteren, saman med meir eksotiske fuglar. Vi såg nokre fuglar, men eg trur dei fleste var reiste til Norge. Men landskapet er flott, kilometer med god sykkelveg i naturområdet.
Quinta do Lago, Vale do Lobo og Vilamoura er nok flotte eksempel på velstandsturisme. Flotte bygg i store parkar, golfbanar og Vilamoura som er Eurpoas største yachthavn. Då blei nok masseturismen i Q...... Eit sjokk. Ein vegg av svære hotell. Ein kilometer? Men det var ryddig og fint der, og brei steinsett strandpromenade som var fin å sykle på, og sikkert fint å vere der på hotell også. Men når vi kjem dit på ein slik tur, ser drt voldsomt ut.
Frå Vale do Lobo. Har Torbjørn Egner vore her?
Vi skulle ikkje heilt til Albufeira, men nesten, til Olhos de Agua med ferskvannskjelder og Hotel Velamar Olhos de Agua.
I dag hadde Han der uheppe med sykkelen, først punktering, deretter hoppa kjedet av og sette seg fast. Han fekk hjelp av hyggelege portugisarar, Roberto og mannen til Lisa som rykka ut, og av Hu der. Det gjekk bra! Hurra! Sykkelen må fungere.
Abonner på:
Innlegg (Atom)