Første etappe Algarve. Denne turen startar i Faro med overnatting på Hotel Sol Algarve. Ankomstmøte var annonsert kl 08.30, heldigvis fann Lisa oss litt før og begynte på forklaring og demonstrasjon av GPS, for det blei plutseleg travelt. Vi skulle få informasjon, syklar, pakke og sjekke ut og vere på stasjonen før toget gjekk 09.30. Det klarte vi, godt hjelpt av Lisa som gjekk framfor oss og stoppa bussar og lastebilar då vi kom syklande mot kjøreretningen i ei einvegskjørt gate. Men vi nådde toget, og hadde ein fin tur til Vila Real do San Antonio saman med eit tysk par som syklar same rute.
Lisa Bikes hadde kart med bittesmå foto og GPS for å hjelpe oss å finne vegen. Det er alltid mannen i eit par som blir tiltrudd evnen til å finne vegen, så det var Han der som fekk sykkel med karthaldar og GPShaldar. Hu der stoler ikkje heilt på stadsansen til Han der, og sykla derfor det meste av turen med kartet i handa. Ruta er ikkje merka, så det er viktig å følge med på kartet, og når Han der etterkvart fann ut av GPSen gjekk det bra. Første lærdom var å forstå at pila på GPSen snur seg med brukaren, pila viser altså ikkje retningen ein skal i. Andre lærdom er at ein GPS av og til slår seg av og må startast på nytt. Tredje lærdom var at ruta var lilla, dei raude strekane er store vegar. Når det var lært, gjekk det ganske fint. Han der kontrollerte GPS og Hu der las kart ho hadde i handa. Ho Mista det bare ein gong.
Ein ispause i Monte Gordo kor vi fekk sjå ein fiskebåt kome inn og bli trekt på plass av ein traktor. Fint å sjå ay det framleis er litt fiske, for elles dominerer turismen totalt. I Monte Gordo er det mange store hotell bak stranden, og vidare på turen sykla vi gjennom fine rekkehusområde utan eit menneske. Trass i godt ver har ikkje turistsesongen begynt i mai, og tyskarane, engelskmennene og nordmennene som eig desse husa er framleis heime i landa sine. Det ser trist ut nå.
Deretter ut langs eit saltutvinningsområde før vi sykla inn i Tavira og lett fann hotellet. Takka vere Han der si brilliante lesing av GPSen.

I mai 2015 har temperaturen i Noreg vore låg. Herleg då å kome til 25 grader. Heilt avslappande første etappe 42 km nokså flatt. Roleg sykling og mange pausar.
Ein ispause i Monte Gordo kor vi fekk sjå ein fiskebåt kome inn og bli trekt på plass av ein traktor. Fint å sjå ay det framleis er litt fiske, for elles dominerer turismen totalt. I Monte Gordo er det mange store hotell bak stranden, og vidare på turen sykla vi gjennom fine rekkehusområde utan eit menneske. Trass i godt ver har ikkje turistsesongen begynt i mai, og tyskarane, engelskmennene og nordmennene som eig desse husa er framleis heime i landa sine. Det ser trist ut nå.
Men Algarve er ikkje trist. I dag sykla me forbi appelsintre, pinjer, oliventre, vindruer og masse blomar. Bougainville og hibiskus. Heile allear med hibiskus.
Deretter ut langs eit saltutvinningsområde før vi sykla inn i Tavira og lett fann hotellet. Takka vere Han der si brilliante lesing av GPSen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar