- Pont du Gard er bare eit fantastisk byggverk. Lille Rektor og Hu der sykla både fram og tilbake over brua, og fekk med seg både film og multimedieshow med god del opplysningar om bygginga og korleis forholda var då brua blei bygd.
Viadukten over elva Gard er den største, men bare ein av mange dalpasseringar for den 50 km lange vannrenna som gjekk frå Usèz til Nimes. Vatnet blei ført til Nimes slik at romarane som hadde flytta dit kunne bade, og alle i byen kunne få drikkevatn. Kanalen blei ferdig nokre år før null, og blei brukt i over 500 år. Sjølve Pont du Gard er 360 m lang og 50 m høg. Steinane blei hogde til i området og så heiste på plass. Når siste stein i bogen blei kilt på plass, skulle bogen bere seg sjølv og stillaset under kunne takast bort. Her måtte det reknast og hoggast nøyaktig!
Tilbake las Hu det kart, og lokka dei andre inn på ein veg utanom løypa for å unngå trafikk. Den alternative vegen var også merka som sykkelveg. Det gjekk veldig fint ei lita stund, men plutseleg fekk me svaret på kvifor me skulle ha sykla på hovudvegen, det meste av sykkelstien var rast ut, sikkert i ein flaum, og ikkje bygd opp at. Det gjekk trass alt å få syklane over avgrunnen og inn på betre veg. Deretter gjekk det susande tilbake til Pilfinnar som måtte stå over denne dagen på grunn av sjukdom. Greit av vi ikkje skifta hotell akkurat denne dagen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar