Er på arbeid - skriveveke i Spania - men det er tid til litt sykling innimellom.
I dag fann me strandpromenaden langs Playa Flamingo og nokre andre strender. Fantastisk tur i god temperatur, sol og litt vind. Leiligheit lånt av Ester, syklar har ho ordna til oss frå naboar i Miraflores, Mona og Hans frå Bergen. Snille folk. Det er kjempeflott å ha sykkel å sige rundt på her. Bil er eit dårleg alternativ.
Spanjolane har tydelegvis planar om å lage sykkelvegar her, både langs den store vegen og langs strendene. Delar av ruta er veldig fin, brei, steinlagd strandpromenade med gjerde, sjå biletet. Elles har dei det tatt litt av gata og malt sykkelsti, eller litt av fortauet.
Plutseleg var det slutt (der det står 4 km.). Strekket langs stranden er 3,5 km, men me skal finne ut om det er framhald lenger sør ein annan dag. Me sykla fram og tilbake. Det gjekk fint, det og.
Denne ruta var svært godt merka, med skilt, maling i vegen i vegen og ikkje minst fine små sykkelplater skrudd ned i gata. Sjå bilete nedst.
Langs den store vegen (332) var det også flott sykkelsti, det er effektivt - men ikkje idyllisk å sykla der. Men også her var det bråstopp i ei stor rundkjøring. Med framvising av stort mot kom me oss over vegen og heimover.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar