Tur 1. Nevland - Ualand. Tur-retur 12 km.
Like sør for der vi tar av frå Rv 44 til Vestlandske hovudveg går det ein veg inn til Gjermestad. Me kjørte til Nevland, parkerte der, og hadde ein fin sykkeltur på litt laus grus opp til det som ein gong var ein skysstasjon og tre gardar, Ualand. Garden ligg ved Ognaelva, som går frå Ognedal i Bjerkreim til Ogna i Hå. Det ser ut som det er mogleg å gå frå Ualand til Ogna, men ikkje sykla, så dette blir ein fram og tilbake-tur i nydeleg landskap med skog og vatn.På Ualand var det dugnad då me kom. Jæren Skoglag eig staden, som ligg i Hå. Men det er Jæren jakt- og fiskeforening som vedlikeheld staden. Ognaelva renn forbi like ved, og det er den det blir fiska i. Sommaren 2018 er ein tørkesommar, og det er lite vatn i elva. Det er også mogleg å sykle til garden Øvrabø, då tar ein av til høgre ved bommen.
Tur 2. Rundtur Brusand - Aniksdal- Vigrestad - Brusand 20 km.
Frå Brusand går vegen over jernbanen og austover. Her er det fleire val, men denne gongen sykla me langs Bjåvatnet og tok til venstre i Aniksdalsvegen. Det er roleg stigning ei stund, slik at me kom fritt og høgt og hadde godt utsyn over den sørlegaste delen av Jæren og såg havet. Men før den tid sykla me forbi Haugsenga, India (!), Aniksdal, Herikstad, Rugland, Hadland og Ødegård, alle, bortsett frå India, kjende etternamn i distriktet. Her kom familiane frå ein gong.
Det er drift på gardane, og det er sett opp vindmøller i landskapet. Vi hadde rast ved ein nedlagd skule eller bedehus der det heiter Rugland eller Herikstad. Vidare gjekk turen til Vigrestad, der kan ein gå på kafe eller i butikk. Frå Vigrestad sykla me til Haugstadskogen og Stokkelandsmarka og tilbake til Brusand. Stokkelandsmarka har fått flotte, store vegar. Neste gong skal me finne den nye sykkelstien.
Fin tur på asfalt heile vegen, lite trafikk, og passe stigning.
Tur 3. Eigerøy fyr.
Vi kjørte retning Egersund, følgde skiltinga til Eigerøy fyr, men parkerte på idyllen Skadbergsanden. Dels for å sleppe å kjøre den smale vegen inn til parkeringsplassen for turvegen til Eigerøy fyr, dels også for å få en fin sykkeltur. - Og det var flott å sykle på bilvegen fram til parkeringsplassen, men så vil eg seie det passar betre å gå enn å sykle vidare inn til fyret. Det er 10 grinder på vegen inn, og det blei likevel mykje grindopning og sykkelstopp på vegen. Når grinda i tillegg var nedst i ein bratt bakke, blei det mykje bremsing. Terrenget er i tillegg svært kupert, nesten for bratt til å sykle einskilde stader. Trur heller eg neste gong vil sykle rundt på Eigerøy på bilvegar, og gå til fyret.Men Hu der kom seg ut til fyret denne gongen! (Utan sykkel det siste stykket) Det var tredje gongen ho var på denne turen, men første gong ho kom heilt ut til fyret.
Siste del av ruta var det laga trapper og lagt ut gangvegar over det som sikkert normalt er myr, og det var fint å gå. Aller siste stykket mellom bustadhuset og sjølve fyret var det ein veg der ein nok kunne trekke ei kjerre i si tid.
Eigerøy fyr er laga av støypejern, etter inspirasjon frå engelske fyrtårn. Då Hu der gjekk ut til fyret, byrja det å regne for første gong på to månader. Det var friskt og godt, og det dampa av fjellet!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar