søndag 9. juni 2024

Lindau - Arbon 49 km

Vermeldinga denne dagen sa mykje regn frå 9 til 11. Det blei med skrekken. Ganske snart etter start begynte det rett nok å regne, og regnkleda kom på, men etter relativt kort tid tok me dei av igjen og kom gjennom heile sykkeldagen utan å bli våte. 

Denne dagen sykla me gjennom tre land: Tyskland, Austerrike og Sveits. På vegen passerte me også Rhinen, der elva renn inn i Bodensjøen. Der lærde me at Rhinen renn inn i Bodensjøen i Austerrike, gjennom den store Bodensjøen, blir elv igjen ved Konstanz og renn inn i den vesle Bodensjøen og ut av denne igjen i vest ved Stein am Rhein. Dei regulerer nok vatnet så godt dei kan for å unngå flaum i heile Tyskland og Nederland, og difor heldt dei nok så høg vannstand som mogleg i sjøen. Det var ei og anna «umleitiung» truleg på grunn av vatn, og eit par gonger der sykkelstien sto under vatn, men var mogleg å sykle. 

I Argon fekk me bu i  Hotel Römerhof, eit restaurert bindingsverkhus frå1500-talet. Det hadde vore ein del av bymuren, vore skule, bibliotek og museum, men var nå fint restaurert til restaurant i 1. etg og hotell med 11 rom. Spennande å bu slik. Dagen etter fekk me med oss ein stor loppemarknad, og Han der og Askeladden fekk kjøpt seg skjorte og shorts. 







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar