I pakken vår var det lagt inn ein RIB-tur med Seløy kystferie ut til fleire av væra utanfor Herøy og Dønna. Vi var i utgangspunktet litt skeptiske til ein båttur i regnet og blæsten, men godt innpakka i tjukk kjeledress, med vanntette hanskar og gode briller, var det ei oppleving å bli med på tur til stader vi aldri har vore og aldri vil kome til, og høyre historiar frå stadene. Det er hundrevis av øyer og holmar (12000 på Helgeland), det budde folk på Gåsvær, Måsvær og Åsvær, på Langøy, på Lamøy, Feøy, Sildøy og Seløy. Dyr og fuglar hadde gitt øyene namn. På nokre av øyane hadde det vore heile samfunn i storhetstida for sildefisket, på andre øyer var det ein eller to familiar med ei ku og elles fiske som næringsveg. Bøkene om Ingrid på Barrøy av Roy Jacobsen kan vel gi eit innblikk i livet der, tiltlane er De usynlige, Hvitt hav, Rigels øye, Bare en mor. Vi gjekk i land på Sandsundvær kor det i 1901 omkom 34 personar i ein orkan som fekk sjøen til å gå over øya og dra med seg både hus og folk som var der for å ha kort veg ut til fiskefelta. Etter ulykka blei det bygt ein molo.
Utværa blei fråflytta i 50- 60- og 70-åra då det blei gitt fråflytningstilskot som var så stort at det var vanskeleg å seie nei. Og når nokon begynte å flytte, forsvann skolar og post, og samfunnet gjekk i oppløysing. Husa som står nå, er feriebustader.
Etter turen på minst to timar, åt vi matpakke i bua til Seløy kystferie før vi sykla vidare 21 km til ferjeleiet Bjørn på Dønna. På andre sida var det kort vei til Sandnessjøen og hotel Scandic Sju Søstre. Regn og yr gjer det vanskeleg å sjå dei verkelege sju søstrene. Fullt på spisestadane i Sandnessjøen, men etter litt venting fekk vi bord på Sopranos saman med to i sykkelflokken. God mat og kjekke damer!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar