Kva gjer ein når ein blir to dagar streikefast i Brønnøysund? Og veret er fint. Då leigar ein syklar på turistinformasjonen og syklar til Torghatten igjen, men denne gongen tar ein eit godt måltid på Torgarhaugen kafe og syklar deretter rundt Torghatten på ein sti som går nedanfor campingplassen og deretter rundt fjellet.
Dagen etter syklar ein til Skarsåsen festningsanlegg frå andre verdskrigen. Det var interessante tunnelar og kanonstillingar, og oppslag om historien. Brønnøysund blei kalla Vesle Berlin på grunn av at NS hadde 90 medlemmar i den vesle byen. Dessutan var det fabelaktig utsikt over søndre Helgeland. Det er ca 4 km ut til Skarsåsen, så deretter syklar ein rundt i byen, ser på den gamle kyrkja med minnesteinar over falne sjøfolk og soldatar, og den nye stradpromenaden.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar