Sommarsyklinga 2009 som kunne blitt varm, 30 grader og meir, men det gjekk fint. Spennande, særprega landskap. Spesielt kan nemnast den første etappen frå Saumur til Angers som gjekk i ein dal på UNESCO-lista, hånddriven ferje før Angers (styrkeprøve for Kjell - sjå bilete), og det fantastiske saltlandskapet ytterst mot havet i Guerande-området, sjå også bilete. Dessutan hugsar vi togtransporten frå Nantes til St.Nazaire. - Nokre tyskarar eig verda meir enn andre, og okkuperer toga med syklane sine. Men den norske gruppa tok ei lita hevn, og pressa dei!
onsdag 31. mars 2010
Loiredalen, Frankrike
tirsdag 30. mars 2010
Provence, Frankrike
Utanom byane var landskapet rikt: Vinmarker, vinmarker og vinmarker, salat, tomat, kirsebær, oliven, frukt. Valmuene blomstra for oss i mai, seinare kjem lavendelen. I Camargue, lengst ute mot havet, var det våtmark og rismarker. Fuglar, hestar og gras.
Ruta var slik: Orange - Avignon - Arles - rundtur i Camargue - Tarascon - Uzès - Orange. Kjøpt av Pedalo (er nå seniorkundar eller noko slikt) og operert av Rückenwind.
Om operatøren Rückenwind: Vi kom etter infomøtet hadde vore, og mista litt. Det var også

Å sykle i Sør-Frankrike i mai er bare bra. Bare bra!!
mandag 29. mars 2010
Sykkelruter i Noreg

Rundt Oslofjorden
Moss - Fredrikstad - Engelsviken - flybåt til Tønsberg
Moss - ferje til Horten - Åsgårdstrand

Sørlandet
Kristiansand - Mandal
Rallarvegen
Haugastøl/Finse - Flåm sist i juli eller august
Øyhopping på Helgelandskysten
Rundt De syv søstre - sjå bilde øverst
Rørostraktene

Røros- Femunden - Tolga - Vingelen - Dalsbygda
Jæren
Egersund - Stavanger: Her kjem det mange tips etterkvart.
trollsykling.com har mange sykkelpakkar i Norge. Tekst også på engelsk og tysk.
Syklistenes Landsforenings sitt sykkelkart.
Tilrådingar frå Sissel Jenseth, Syklistenes landsforening
Sykle til jobben
Klokka stilt til sommartid, litt halvmørkt kl. 07.00, men det kom seg fort. Det viste seg at vegen mellom Austrått og Ullandhaug hadde blitt lengre og bakkane brattare i løpet av den kalde vinteren. Det var tungt, i regnklede og med litt motvind.
Eg sykla Strandgata - Lura Rv 44 - IKEA - over motorvegen og nordover derfrå. Det er fint å forsere Forus på sykkelstiane mellom forretningsbygga, det er fleire parallelle. Hadde litt trøbbel med å finne sykkelstien over til Sørnes, mykje graving, men fann han til slutt og kom meg då omsider på jobb: Nesten 1 time og 10 min. Rekorden er 52.
Blei henta. Syklar heim i morgon.
søndag 28. mars 2010
På grensa mellom Tyskland og Polen


Vi sykla fleire gonger fram og tilbake over grensa til Polen. Sjølv om det nok ennå var forskjell mellom austre og vestre delar av Tyskland, så var forskjellane mellom Tyskland og Polen der i sør skrikande. Medan Tyskland framsto som ryddig og fint, om enn litt aude, var Polen nærst forlatt og mangla vedlikehald, sjå t.d. skiltet til venstre. Det var også ganske interessant å kjøre gjennom nedlagde grensestasjonar. Før die Wende: Stor aktivitet og mange folk, nå: Ei sjappe med billige sigarettar, elles sto stasjonane tomme.
Ruta vi sykla var slik: Zittau - Görlitz - Bad Maskau - Guben - Beeskow - Fürstenwalde - Berlin Köpenick. Vi kjøpte igjen hos Pedalo, som har gitt oss gode reiser, denne gong var det Die Landpartie som var lokale operatørar, og dei hadde gruppetur samtidig med vår tur, turgjengen. Ganske kjedeleg å kome bak dei!

Interessant på vegen:
- Dikene langs elva, og dei store bufferområda som låg brakk i tilfelle flaum.
- Flotte parkar, spesielt vakker var roseparken i Forst.

- I Berlin fekk vi også eit innblikk i korleis kommunist-fiffen hadde det: Vi sykla først gjennom ein flott bydel kor dei hadde budd, så budde vi på eit storhotell som hadde vore samlingsstad.
Die Landpartie er også flinke, einaste vi hadde trøbbel med, var då vi skulle skifte mellom to kart, forklaring på tysk og etappen var spesielt lang (opp mot 8 mil). Men: Hotella var bare fantastiske. Eg nemner to:

Hotel Tuchmacher i Görlitz; nyrestaurert borgarhus, men mykje gammalt bevart i ein nydeleg by. Huset er opprinneleg frå 1528, i renessansestil. Og sjølv om det framsto som nyoppussa, hadde dei dei gamle store steinplatene i golv og trapper som var glattpolerte av bruk og med søkk der folk hadde gått.
- Schloss Steinhöfel, verkeleg eit slott frå seint 1700-tal i klassisk stil, alt i gult. Litt spesielt var de tå kome fram. Vegen vi hadde sykla på, hadde vore spesielt sorpete, og vi var ganske skitne, og hotellet var ganske fint og lysegult! Sjå til venstre.
Mandelblomstringa på Mallorca
Etter to kjekke sykkelferiar, sykling på eiga hånd, men med merka rute og bagasjetransport, begynte vi i 2008 å sjå oss om etter turar utanom sommarsesongen. Vi fann Mallorca rundt i februar: Tema var blomstring av mandelblomar, men det var også mykje anna å oppleve.
Vi fekk sett store delar av øya, både storbyen Palma, koselege Puerto de Soller (gjensyn frå 1970-talet), turistmaskinen Alcudia i lågsesong, men også gamlebyen Alcudia og det fantastiske våtmarkreservatet der. Vi sykla også innom meir normale stader som Porto Christo og San Jordi, og fekk med oss eit variert landskap, sjå klippebiletet under. Og ikkje minst: Vi blei transporterte over fjellet i nord (1500 moh), slik at vi fekk med oss klosteret Lluc.
Denne turen hadde eit visst preg av gruppereise: Vi hadde ein fellesmiddag, felles transport
over fjellet og til slutt hadde vi ei felles omvisning i Palma, vi var på sjokoladebutikk saman og inne i eit borgarhus med innelukka, fin gardsplass. Det var koseleg: Vi blei kjent med eit belgisk ( Gilbert og Francine) og fleire tyske par, sykkelentusiastar. Vi fekk tips om kjekke sykkelturar:
- Provence (Orange - Camargue)
- Toscana
- Verona rundt
- Bodensee rundt
- Loiredalen
- Østersjøtur i Tyskland
Kanskje var det fordi det var lågseseong, men vi hadde svært gode og fine hotell til ein relativt grei pris. Igjen kjøpte vi turen av Pedalo, denne gongen var det EuroBike som var lokal operatør.
EuroBike - best til nå. I gruppa som sykla samtidig var det nokre som nok var i tyngste vektklasse (tysk vektklasse), og i og med at turen var ganske hard, øya er kupert og etappane litt lange, så var det godt for dei at Stefan frå EuroBike kunne kontaktast og kome og hente dei! Det går altså også an.
Etiketter:
Mallorca,
Middelhavet,
Spania,
sykkeltur
Alsace - Frankrike

Alsace er vakkert! Her syklar du i kupert landskap, mellom vinranker, frå den eine blomstrande landsbyen til den andre, med få kilometer mellom. Byane har konkurranse om å få flest mulige blomster (stjerner), som Ville Fleurie. Aldri kjedeleg.
Ruta vi sykla i 2007 tok utgangspunkt i Strasbourg som vi sykla ut av gjennom gamlebyen, Petite France. Vidare langs Rhine-Rhone-kanalen til Sand. Neste dag vidare til Colmar (2 dagar, ekstrabestilt), gjennom Neuf Brisach/Breisach inn i Tyskland, langs Rhinen til Ottmarsheim (fransk nå, trass i namnet). Ruta vidare var Guebviller - Riquewihr, ein strekning som må vere den ultimate sykkeletappe, med landsbyar kvar 3 - 4 km og sykling på vinmarkveier. Riquewihr er ei turistfelle, men vi likte oss, vi hadde hotell frå 1500-talet , dessutan var vi på Hansi-museum, interessant. Deretter sykla vi til Obernai og tilbake til Strasbourg.
Området ber preg av velstand. God vin produsert opp gjennom åra har ført til rikdom. Dei gamle landsbyane er tekne godt vare på og er svært romantiske og maleriske. Når du syklar, er du også i landsbyane utanom tida når hordane med turistar frå bussar invaderer dei.
Eg hadde også gleda av å få sjå nokre gamle bøker. Humanistbiblioteket i Selestadt hadde håndskrifter frå 700 til 15-1600 utstilt. Kjekt!
Vi sykla i juli. Det var uventa kjøleg i 2007, men kan vere varmt. Vi var svært nøgde med opplegget: Syklar, kart, overnatting, rute, landskap, merking, startmøte... Vi kjøpte reisa av Pedalo RadReisen, men det var Espace Randonné som var den lokale arrangøren, solid!
Canal du Midi - Sør-Frankrike
Vår første sykkeltur frå hotell til hotell med bagasjefrakt gjekk i 2006 frå Toulouse til Narbonne i Sør-Frankrike. Det var i juli, ganske varmt, og turen starta ganske dårleg: Vi fekk ganske dårlege syklar av Bicyclette Verte, den eine så dårleg at kjedet rauk fleire gonger, første gong 100 meter etter start. Likevel: Turen blei ei stor oppleving. Sidan han for ein stor del gjekk langs kanalen og under platantrea som voks der, hadde vi både skugge og litt kjøl frå vatnet, så temperaturen var grei. Dessutan var kanalen fredeleg, slusene fine, landskapet vakkert og byane interessante, hotella greie og maten god!! Det er jo Frankrike! Særleg var det kjekt å sto
Ruta: Toulouse - Castelnaudary - Carcasonne ( 2 netter) - Narbonne (2 netter) - rundtur til Gruissan Plage (kysten).
Våre første sykkelvenner var Louise og Guy frå Canada. Det var vi og dei som sykla denne ruta den dagen. Dei hadde om mulig endå dårlegare syklar enn vi hadde.
Sandnes - Figgjo - Ålgård
28.03.2010
Endeleg er det greit å sykle, snøen er borte. I dag frå heimen på Austrått, Kyrkjeveien, til Bråstein, så langs E39 på sykkelsti. Frå Bråstein til Figgjo går stien inntil vegen , og bilane bråker jo, men på høgre sida renn Figgjoelva. Når du kjem til Figgjo, kan du gå på museum eller kjøpe kaffe, is eller steintøy på Figgjo AS sitt fabrikkutsal, som har ope også søndagar. Frå Figgjo til Ålgård går sykkelstien på sørsida av elva (ånå), mens vegen går på nordsida, og det har blitt ein kjekk turveg langs elva. På Figgjo lagar dei eit nytt amfi ved sykkelstien, sjå bilete til høgre, du syklar vidare forbi gamle Figgjo trikotasjefabrikk, ein staseleg fabrikkbygning med store vindusflater som nå dessverre står tom og forfell. Oppover langs elva finn ein bord og benkar og fiskeplassar, og når ein kjem til Ålgård, er det ender og svaner i elva.
I dag tok vi til høgre for Coop Ålgård, passerte Ålgård kyrkje bygd 1917 og sykla gjennom det gamle sentrum ut til E39 igjen. Vi ville prøve den nye sykkelstien langs Limavatnet. Flott å sykle langs vatnet, men ennå er det ikkje asfaltert, det ventar eg på. Vi snudde ved enden av vatnet og sykla langs E39 heim. Det gjekk ganske mykje fortare, det er slakt nedover frå Ålgård til Sandnes. Heile turen tok ca. 2 timar i roleg tempo med små pausar.
Sykkelkart Sandnes i PDF-format. Første del av turen på side 9 - 11 - 13.
Abonner på:
Innlegg (Atom)