Utanom byane var landskapet rikt: Vinmarker, vinmarker og vinmarker, salat, tomat, kirsebær, oliven, frukt. Valmuene blomstra for oss i mai, seinare kjem lavendelen. I Camargue, lengst ute mot havet, var det våtmark og rismarker. Fuglar, hestar og gras.
Ruta var slik: Orange - Avignon - Arles - rundtur i Camargue - Tarascon - Uzès - Orange. Kjøpt av Pedalo (er nå seniorkundar eller noko slikt) og operert av Rückenwind.
Om operatøren Rückenwind: Vi kom etter infomøtet hadde vore, og mista litt. Det var også
ein feil i vegvisaren på engelsk, det mangla ein null. ( 30 blei til 3). Heldigvis blei vi redda av tyskarar, legane Heike og Bernd, som hadde tysk beskrivelse. Men syklane var gode, servicen elles var det, hotella bra, og ikkje minst maten og vinen... Vi hadde halvpensjon og fekk maten i kjekke, små restaurantar. Eg legg på meg litt på slike reiser, sjølv om eg syklar 5 - 6 mil om dagen i kupert terreng!Å sykle i Sør-Frankrike i mai er bare bra. Bare bra!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar