Brompton er ein type sykkel som kan pakkast saman til ein så liten pakke at sjølv eg kan klare å bære han. Nokre enkle håndgrep, så er han pakka, og like lett å slå opp igjen, det tar mindre enn eitt minutt. Og han veg 11 - 12 kg. (Eitt kilo lettare i titan, men også 400 pund dyrare) "Han der", som har litt vanskar med å gå langt, brukte sykkelen medan vi var i Whitby og seinare i York. Vi frakta han på toget mellom byane, mellom seta, utan problem. Flyfrakt heim med Widerøe var ikkje vanskeleg, det heller, og sykkelen kom uskada heim. Ei veske tilpassa samanleggbar sykkel var fin å ha når sykkelen skulle sendast. Det fins å få kjøpt.
Eg har tenkt å bruke sykkelen frå heimen til togstasjonen på Sandnes, leggje han saman og ta han med på toget, og så sykle fra stasjonen på Gausel til Ullandhaug, helst så roleg at eg ikkje treng å dusje når eg kjem fram.
De fins mange samanleggbare syklar i England, men ingen eg har sett har vore så liten og lett som Brompton, han har mange fikse finessar. Blant anna kan ein også kjøpe ei veske ein svært enkelt plasserer på eit lite stativ framme, som til og med kan stå på når sykkelen er slått saman. Ein kan kjøpe Brompton hos Syklistenes Landsforening i Noreg. Vi kjøpte vår i butikk i England.
"Han der" er nesten litt misunnelig, sykkelen var særs praktisk og hendig. Men jeg får vel låne den av og til?
SvarSlettJo...
SvarSlett