|
Klar haust er fint! Her ved Stokkelandsvatnet |
Kvar helg tar me oss ein tur til far min på Kleppe. Sist søndag sykla me om Ålgård og Bryne for å kome dit, det blei 5 mil når me tok raka vegen (RV44) heim. I dag tok me ein annan, noko kortare variant: Austrått - Tronsholen - Stokkelandsvatnet - Ganddal - Foss-Eikeland - Orstad - Frøylandsvatnet nordvest - Klepp stasjon - Kleppe. Det blei 17 km, same som Rv 44, same strekningen. Heim igjen tok me ei Jærrute: Kleppe - Damsgård - Bore - Voll - Heigre - Skeiane - Brueland - heim. Den strekningen blei nesten 20 km, men veldig fin og variert i fint ver utan vind. Må me sykle om Sola neste gong for å variere?
|
Einsam forhaustar på Bore.
Ingen kyr.
|
|
Gammal steingard på
Skas, med rundballar |
Jæren har endra seg. Den gamle vegen mellom Øvregård og Bore var ein gong (på 1960-talet) ein smal grusveg med steingjerder på begge sider. Nå er vegen framleis ganske smal, men han er nok utvida, for alle steingardar var borte, og han var sjølvsagt asfaltert. Steingardane var ikkje erstatta med noko. Dei som ikkje var fjerna på grunn av vegutviding eller ny sykkelsti, var ikkja vedlikehaldne. Det er så lite husdyrhald og husdyr på beite i Klepp at gjerder er overflødige, graset vaks heilt inn til vegen. I staden for gjerder, såg me forhaustarar og rundballar, og kjende me noko lukt, så var det lukt av silo. Melkekyrne er samla i store fellesfjøs. Graset blir framleis til dyrefor, men det er ikkje kyrne som et det på direkten. Dei einaste dyra me såg ute, var nokre få sauer og ein gjeng med ungstutar.
Når tek vi til å sjå på steingardane som kulturminne? Det er bevart ein gammal veg med steingardar tvers gjennom universitetsområdet på Ullandhaug. Elles veit eg ikkje om nokon.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar