 |
Med Elkjøp og Hans kone i Sogndalstrand. Min gode sykkel i front. |
Eg har lenge tenkt at alle dei fartsfantoma som fyk forbi meg på jobbvegen gjer det fordi dei er unge menn, streke og veltrente. Eg har sykla der med min gode, nokså nye sykkel, som eg vann ein gong for fem-seks år sidan, godt utstyrt med bagasjebrett, solide skjermar, støtte, lykt, drikkeflaske, og ganske solid ramme også, og følt at eg hadde utstyret i orden! Men så var me på tur med Elkjøp og Hans kone. Elkjøp har trent mykje sykling i det siste, så det kunne aksepterast at han sykla lettare enn meg, men når Hans kone sykla frå meg i bakkane opp frå Rekefjord, då slo det meg at eg kanskje hadde litt tung sykkel. Det same tenkte Han der, han hadde også tung sykkel. Og Elkjøp var rask til å plante kjøpeidear i hovudet hans.
 |
Han der utan skjermar |
Dagen etter turen hadde Sykkelzentrum salg. Han der var kjapp, vips hadde han ny sykkel: Lett ramme, utan skjermar, støtte, lykt, flaskehaldar osv. Og vips, så sykla han frå Hu der. Han sykla bare det som "var naturleg i det giret", sa han, men det var ganske mykje fortare enn han pleier, og ikkje så koseleg for Hu der.
Dette er det tre løysingar på: At Han der alltid syklar sist, at Han der syklar med den gamle sykkelen på fellesturar eller at Hu der kjøper ny sykkel. Det er ikkje så lett for ei som er nøysomt oppdradd å kjøpe sin tredje sykkel når dei to første er heilt gode, og den siste (Brompton samanleggbar) er ny av året. Me får sjå.
I dag sykla me langs Stokkelandsvatnet, i Vagleskogen og i Sandvedparken i strålande haustver. Vagleskogen har vore joggeskog for oss, men det gjekk heilt fint å sykle. Vegane og stiane var godt vedlikehaldne.
Ska du ha din egen sykkel?
SvarSlettEn ny din egen sykkel
SvarSlett