søndag 19. juni 2011

Lang sykkeltur med to ferjer - 75 km

Inspirert av Rigmor Bjørgo, kom me på at det går an å reise med ferja på søndagstur.

Forsandbrua
Me sykla på nasjonal sykkelveg 2, om Vatne og Hogstad til Høle og derfrå langs sjøen til Lauvvik (25 km). Den nasjonale ruta går med båt til Lysebotn, derfrå om Valle i Setesdal til Telemark.

Me laga vår eiga rute, me tok ferja til Oanes saman med tyskarar, nederlendarar og andre turistar. Ferja tok 10 min., og etter Oanes var det to alternativ: Gamle eller nye riksveg 13. Den gamle riksvegen går langs fjorden i retning Idse til Jørpeland og er 35 km lang. Den nye går forbi brua til Forsand, om Høllesli og rett over fjellet til Jørpeland. Denne er 25 km lang. Me frykta at turen på gamlevegen kunne gjere heile turen vel lang, over 8 mil, og valde derfor den nye. Når det er ein ferjestrekning i nærleiken, kjem dei fleste bilane i klumpar, så trafikken var ikkje så sjenerande, men det var god stigning/ bratt utfor etterpå (Han der var oppe i over 60 km/t) og fleire tunnellar, som ikkje er så stas med sykkel utan lykt. Derfor lurer eg på om det hadde vore kjekkare å ta det andre alternativet. - Det kan vi gjere ein annan gong.

Gamlevegen er blitt sykkelsti ved Jørpeland. Herleg!
Då me nærma oss Jørpeland, fann me ein sykkelsti på venstre side av vegen som nok var "gamlevegen". Det var freden å sykle der, i forhold til hovudvegen utan sykkelsti. - Jørpeland viste godsida, men mellom Jørpeland og Tau var det også strekk utan sykkelsti. - Det skal visst bli det når Ryfast-tunnellane blir bygde, men aksjonistar hadde hengt opp skilt med "Gi oss sykkelsti nå!" - Og eg forstår dei.

Frå Tau tok me ferja til Stavanger, kikka litt på livet og cruiseskipet Queen Mary der, før me tok vegen langs sjøen/dobbelsporet heim.  Mange hadde funne vegen ut på gang- og sykkelvegen, men ikkje så mange eg hadde trudd. Siste stopp i Vågen på Sandnes, før oppstigninga til Austrått, som var noko tyngre enn vanleg med sju mil på sykkel bak oss.
Rast ved dobbelsporet langs Gandsfjorden

1 kommentar:

  1. Toppfart ble 63,14 km/t, noe som gamle mennesker ikke bør gjøre. Men når en tross alt føler seg ung? Da kan slikt forekomme.

    SvarSlett