Å reise "med veret":
Fredag bles det stiv bris frå nordvest, og tanken om å sykle i medvind til Egersund blei fødd. Motsett veg av Nordsjørittet, som fleire meiner går feil veg, fordi det er mest nordavind her i distriktet.
Ein kikk på yr.no viste at laurdag var betre enn søndag, og tidleg på laurdagen betre enn seint. (Regnvarsel).
Derfor glei me avgarde 8.45 frå Austrått, langs kjende vegar til Bryne. Vindstille, så tidleg på dagen, flott! Vestsida av Frøylandsvatnet er bra i all slags ver. Så sykla me gjennom Bryne, fann ikkje vegen til Hognestad som me hadde tenkt å ta, kom i staden ut på rv 505. Men det var ikkje noko problem med trafikken, for det var sykkelsti nesten heile vegen til Varhaug.
På Varhaug ville me ha kaffe og is: Ingen kafe, men MIXen redda oss. Nå begynte det heldigvis å blåsa litt, så me fekk nyta medvinden til Vigrestad, på traseen til Nordsjøruta som me kom inn på der. - I dette jordbrukslandskapet som ligg litt inn frå havet, er det etterkvart fleire skogdottar og mykje tre, til dels store og gamle tre. Det luner, og det forblåste inntrykket er ikkje så sterkt.
Ved Brusand kryssa me både jernbane og veg og sykla på ein smal sti langs Hitlertennene - gjennom Ogna Camping og ut mot havet. Det er fint, sjå bilete.
Fredag bles det stiv bris frå nordvest, og tanken om å sykle i medvind til Egersund blei fødd. Motsett veg av Nordsjørittet, som fleire meiner går feil veg, fordi det er mest nordavind her i distriktet.
Ein kikk på yr.no viste at laurdag var betre enn søndag, og tidleg på laurdagen betre enn seint. (Regnvarsel).
Rast på Nordsjøruta på Brusand |
På Varhaug ville me ha kaffe og is: Ingen kafe, men MIXen redda oss. Nå begynte det heldigvis å blåsa litt, så me fekk nyta medvinden til Vigrestad, på traseen til Nordsjøruta som me kom inn på der. - I dette jordbrukslandskapet som ligg litt inn frå havet, er det etterkvart fleire skogdottar og mykje tre, til dels store og gamle tre. Det luner, og det forblåste inntrykket er ikkje så sterkt.
Nordsjøruta går heilt nede på stranden etter Ogna Camping |
Her har det gått tog! Mellom Hellvik og Egersund |
Vegen vidare: Ogna - Hølland - Vestlandske hovudveg 6 - 7 km til Hegrestad. Gamle Vestlandske hovudveg er spennande. Det var den første vegen bygd for kjerrer i Rogaland, og ein del av vegen frå Oslo (Christiania) til Stavanger. Dei første planane om ein slik veg var frå 1700-talet, men denne delen sto ferdig i 1840-åra, bygd av dei lokale bøndene som pliktarbeid. Først som rideveg ca. 1810, utvida rundt 1820 for karjol. - Vegen går rett fram, opp ein bakke og ned ein bakke, slett ikkje utanom noko som helst. På oppslag langs vegen er det to forklaringar på dette: At arkitekten var dansk, og at det var viktig å få vegen så kort som mulig for å gjere han billig. Eg kan jo i tillegg tenkje meg at planar frå 1700-talet gjerne var planar med rette linjer, frå klassisismen og rasjonalismen: Som Kvadraturen i Kristiansand, som delar av Oslo, til og med Sandnes har rette linjer i den eldre bykjerna.
Etter seks mil på sykkelsetet var det heilt greit å gå av og trille i oppoverbakkane. Litt nifst i laus grus nedover, men det gjekk bra. Då var det herleg å koma ut på asfalt på Rv44, men her var det trafikk, så me tok av i retning Maurholen golfbane, og her var det asfalt for golfspelarane og hyttefolket.
Ny sykkelbru på turvegen inn mot Egersund. |
Endeleg fann me turvegen frå Hellvik til Egersund som går på i den gamle jernbanetraseen. Den har eg lengta etter å sykle på, og eg blei ikkje skuffa. Sjølv om det låg ein jernbanetrase til grunn, med tunnel og steinfyllingar, er det gjort eit stort arbeid med jernbaneovergangar, ekstra strekk her og der, og ikkje minst sykkelbrua inn mot Egersund. Flott natur langs havet, mange utsiktsplassar, fast grus og godt å sykle, og over 20 grader. - Kjempeflott!
Me tok toget heim, og vel heime hadde me sykla 80 km. Då eg var i dusjen, kom regnet. Snakk om verklaff!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar