søndag 31. juli 2011

Blomar langs vegen.

Blåklokke
Landøyde (fin, men farleg for kyr) med rødkløver
For nokre år sidan sprøyta vegvesnet gift langs vegkantane. Det har dei slutta med, nå klipper dei heller kantane. Det gjer jo at det får vekse fram eit mangfald av blomar i vegkanten som er nokså billlig, men svært vakkert, og heilt sikkert nyttig for sommarfuglar, andre insekt og dermed også kanskje med på å produsere mat til fuglar, ja heile det biologiske mangfaldet blir støtta.

Nå på ettersommaren har vi ei rik bløming, og sykkelturen til Klepp i dag var å gli rundt i eit fagresprakande, blømande landskap.

Blåklokka er ein fantastisk sart og fin blom.

Landøyda er eit skikkeleg ugras i augo til alle bønder.  Eg hugsar farfar gjekk og slo landøyda med ljå. Blomane sto igjen når kyrne hadde ete graset på kjelvene, og godt var det, dei er jo giftige.
Men når vi ser godt etter, så er det jo ein fin blom.

Geitrams er det mykje av i Rogaland. Men er det eit litt nytt fenomen at det er så mykje?
Geitrams - typisk i juli/august


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar