Haustferie i Barcelona. Byen er kjend for god tilrettelegging for sykling, sjå for eksempel kva denne bloggen fortel om det. Bysyklane er bare for fastbuande, det var ein avtale mellom byen og sykkelutleigarane, slik at dei ikkje skulle tapa på at byen fekk bysyklar.
Alt på flyet ned (KLM) begynte syklane å kome, på glasa vi fekk drikke i. Eit teikn på at sykling er i tida, eller var det eit symbol på Holland? Det var også tulipanar på glaset.
Alt på flyet ned (KLM) begynte syklane å kome, på glasa vi fekk drikke i. Eit teikn på at sykling er i tida, eller var det eit symbol på Holland? Det var også tulipanar på glaset.
Vi planlegg å leige sykkel hos Green Bikes ut frå anbefaling hos Trip Advisor. Første dag skal vi ha 3,5 time bysykling med guide for å orientere oss. Turen skal gå forbi dei mest kjende turiststadane Plaza Sant Jaume, Plaza del Rei, Plaza Sant Felip Neri, Palau de la Musica, gamlebyen El Borne, Barcoloneta Beach, Parc de la Cituadella, Sagrada Familia m.m.
Ankomstdagen går med til å virre litt rundt i Ramblas og El Born området. Vi ser mange stader med sykkelutleige, og masse bysyklar. Det er også sykkelvegar, lysregulering for sykkel m.m.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar