Amsterdam er vel den ultimate sykkelby! Og endeleg fekk eg sykle i Amsterdam også. Geografien i Amsterdam, med kanalar som dannar byplanen, hindrar biltrafikk og gjer sykkel til det desidert beste framkomstmidlet. Byen er paddeflat, kompakt og tilrettelagd for syklar. Avstandane er små, og parkeringsplassane få. Syklar er parkert overalt, og sjølv om det sikkert ikkje er dyre syklar, har dei skikkelege låsar. Sykkelantrekket er vanlege klede, og hjelm er ikkje brukt. Ein noko annan kultur enn i Noreg. Ein annan kultur er det også at sykkelen nærmast har forkjørsrett. Det er direkte farleg for fotgjengarar å gå i eller å krysse sykkelstien utan å sjå seg godt om.
Vi kjøpte oss ein tre timar lang guida sykkeltur av Yellow bike. Det fins også grøne, kvite og røde syklar, så det er godt med tilbud, Bysyklar såg eg ikkje.
Yellow Bikes kan ha opptil 50 turar ein god laurdag om sommaren, og med gjennomsnitt 10 personar pr tur, blir det ganske mange turistar svimande på sykkel gjennom byen. Men ein kjekk måte å sjå byen på er det. Vår tur gjekk først til Amsterdam hamn (under havnivå!), vestover til øyene kor det var eit triveleg bumiljø, ein stor runde til museumsområdet og Vondelpark (med drikkepause), før me snirkla oss tilbake til utgangspunktet i sentrumsområdet ved Dam. På turen var vi 10 stk, frå Belgia, USA, Canada, India og Norge. Vi fekk mellom anna vite at husa i Amsterdam var smale fordi dei ein gong i tida betalte skatt i forhold til kor stor fasade dei hadde til ein kanal. Og at Nederland var tilnærma avkristna (kyrkjene blei lagde ned).
Det var ein grei tur, men faktisk litt styr å halde seg i ei gruppe med så mange i så tett sykkeltrafikk. Det kunne kanskje vore like kjekt å leige sykkel og sykle på eiga hånd i einså tilrettelagt by. Eg hadde budd der tre dagar før og gått ein del og blitt kjend, så eg hadde nok funne fram. Men paret frå USA i gruppa vår kom nesten direkte frå flyet til sykkeltur. Det var ein lur start!
I 1960 var det planar om å legge lok på kanalane for å få plass til bilar. Heldigvis blei det ikkje slik. Etter at 3000 syklistar ( av dei 450 barn) var drepne i trafikken i Amsterdam i 1971, blei politikken lagd om, og eit stort arbeid for å leggje tilrette for sykling blei sett i gang. I dag er det 400 km sykkelvegar i Amsterdam, og ein antar at 50% av reisene i byen er på to hjul.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar