I dag blei det sykkeltur tur-retur Egersund. Fra Moivika sørover langs Rv 44 til skilt Hellvik stasjon, inn til turvegen gamle jernbane. Den kom på det som var den smalspora jernbanen til Egersund, bygd i perioden 1874 - 1878. Den gamle jernbanen slynga seg i det sterkt kuperte landskapet for å unngå så mange tunnelar. Likevel var det behov for både høge fyllingar og sprenging i landskapet. I den gamle traseen er det ein liten tunnel, men ei flott fylling laga av steinar som er håndkilte. Imponerande arbeid.
Då banen blei gjort breispora, blei mykje av banen lagt i tunnelar, men noko av banen ligg framleis i den gamle traseen. Det betyr at sykkelvegen nokre stader er fin og flat, men seks stader går han utanom, over eller under den nye. Det betyr for syklistar og fotgjengarar sterke, bråe stigningar og nedstigningar, slik at turen blir litt krevjande. Tur-retur Moivika-Egersund i vind frå sør gjorde to gamlingar ganske forblåste og trøytte på ein god måte.
Landskapet er skog og fjell. Anortositt-fjell er eit snaut fjell, likevel er det her blitt skog og lunt. I eldre tider var det mange stasjonar på jernbanane. Nedlagde Maurholen stasjon (holdeplass) ligg mellom Hellvik og Egersund, midt i skogen. Det viser seg at denne stasjonen betente Eigerøya før øya fekk bru. Eigerøyfolk kom med båt til vika nedanfor stasjonen. Då Eigerøy fekk bru, blei stasjonen nedlagd og bygningane blei feriestad for tilsette på jernbanen. I fin stad i skogen med tilgang til sjø og vatn. Nå er det festlokale til utleige, med ei fin grasslette framfor. Vi ser at det er ein mykje brukt rasteplass.
Turstien er ei perle, både for dei som kjem frå Egersund og går delar av ruta, og dei som tek heile turen. Stien åpna i 2005, og avgjerande for heile strekket var brua like nord for Egersund, konstruert av lærlingar ved Aker Solutions. Det er mange rasteplassar, delvis møblerte med bord og benker gitt av organisasjonar.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar