Ein runde frå Moivika, nordover til Ogna, inn på Vestlandske hovudveg sørover til Hegrestad, ut på Rv 44 via Hellvik så tilbake til Moivika. Det blei 20 nokså krevande kilometer. Nokre kilometer på Rv 44, men tidleg laurdag er det ikkje så stor trafikk, og bilistane tek hensyn.
Me starta med ein kikk på den "nye" Ogna kyrkje, teikna av vår venn Erik Thesen. Kyrkja har ein eldre del som stammar frå 1250, blei seinare utvida, men brann ned etter lynnedslag i 1991. I 1995 blei kyrkja nyopna, med skip frå mellomalderen, med alter og preikestol som nøysltige kopiar frå 1600-talet, og ein moderne del med tilbygg på eine sida. Ei fin blanding av nytt og gamalt.
Den vestlandske hovudveg var planlagd av danskar, som bygde vegar på flat mark. Då er nok den rette veg er den kortaste og beste. Men i "terrenget av Guds vrede" er den rette veg også ein ve-e-eldig kupert veg. Eg blir styrka i avgjerda om å ikkje sykle Nordsjørittet. Denne biten av rittet er årsaka. Eg bremsar i nedoverbakkane, dei er farlege. Eg vil ikkje ha 1000 ville syklistar bak meg då.
Me tok ein pause på gode benkar like før Hegrestad, og reflekterte over kor få folk som hadde tatt i bruk vegen denne dagen. Ingen andre enn oss.
Ikkje før det var sagt så kom dei to første syklistane, dei såg ut som dei trena til rittet. Like etter kom ei turgruppe med 30 - 40 vandrarar på vår alder, ganske gamle. Så vegen blir brukt. Det set me pris på.
Men det var ein på vegen me ikkje sette pris på, der og då, sjølv om han nok har like rett til å bruke vegen som me har. Det var bonden på Hegrestad som var ute med hevdaspreiaren for å gjødsle. Vegen er smal, traktoren tok heile vegen. Me trekte oss ut i vegkanten og håpa det beste, for spruten sto bort frå oss. Men ikkje alt. Delar av spruten sto rett opp, og hevd kom ut på vår side og. Lortsprut/ lortregn er ikkje kjekt. Me blei prikkete, syklane blei prikkete og sekken min blei prikkete.
Me sykla fort tilbake til hytta, kledde av oss direkte i vaskekummen i bua, vaska syklane og dusja grundig. Eg trur ikkje me luktar lenger, men den neonfarga sykkeljakken min (sjølvsagt den nyaste) har fått varige spor.

Etter Ogna kyrkje svinga me inn mot Hølland og kryssa Ogna-elva over Hølland bru, som er ei gammal steinbru laga til den vestlandske hovudvegen. Brua er 33,8 meter lang, har tre hvelv og blei laga i 1843 under leiing av Andreas Arnesen. (Biletet er henta på sandalsand.net)
Vidare inn gjennom Hølland gartneri og opp på sjølve vestlandske hovedveg. Vegen var tydelegvis under klargjering til Nordsjørittet. Den nordlegaste delen av vegen var klar, fast, jamn og fin. Seinare var han typisk "under arbeid", lausare og våtare. Nokre stader var oljegrusdekket tatt av, det var klargjering for meir oljegrus. Spesielt der Nordsjørittet har nedoverbakke, var det, eller ville det koma fast dekke. Sikkert nødvendig når fleire tusen syklistar ville koma i samla flokk. Det ser ut som arrangørane av Nordsjørittet har mektige vener, vegen blir godt stelt! Det er jo til glede for alle andre på tur.
Vidare inn gjennom Hølland gartneri og opp på sjølve vestlandske hovedveg. Vegen var tydelegvis under klargjering til Nordsjørittet. Den nordlegaste delen av vegen var klar, fast, jamn og fin. Seinare var han typisk "under arbeid", lausare og våtare. Nokre stader var oljegrusdekket tatt av, det var klargjering for meir oljegrus. Spesielt der Nordsjørittet har nedoverbakke, var det, eller ville det koma fast dekke. Sikkert nødvendig når fleire tusen syklistar ville koma i samla flokk. Det ser ut som arrangørane av Nordsjørittet har mektige vener, vegen blir godt stelt! Det er jo til glede for alle andre på tur.
Den vestlandske hovudveg var planlagd av danskar, som bygde vegar på flat mark. Då er nok den rette veg er den kortaste og beste. Men i "terrenget av Guds vrede" er den rette veg også ein ve-e-eldig kupert veg. Eg blir styrka i avgjerda om å ikkje sykle Nordsjørittet. Denne biten av rittet er årsaka. Eg bremsar i nedoverbakkane, dei er farlege. Eg vil ikkje ha 1000 ville syklistar bak meg då.
Me tok ein pause på gode benkar like før Hegrestad, og reflekterte over kor få folk som hadde tatt i bruk vegen denne dagen. Ingen andre enn oss.
Ikkje før det var sagt så kom dei to første syklistane, dei såg ut som dei trena til rittet. Like etter kom ei turgruppe med 30 - 40 vandrarar på vår alder, ganske gamle. Så vegen blir brukt. Det set me pris på.
Men det var ein på vegen me ikkje sette pris på, der og då, sjølv om han nok har like rett til å bruke vegen som me har. Det var bonden på Hegrestad som var ute med hevdaspreiaren for å gjødsle. Vegen er smal, traktoren tok heile vegen. Me trekte oss ut i vegkanten og håpa det beste, for spruten sto bort frå oss. Men ikkje alt. Delar av spruten sto rett opp, og hevd kom ut på vår side og. Lortsprut/ lortregn er ikkje kjekt. Me blei prikkete, syklane blei prikkete og sekken min blei prikkete.
Me sykla fort tilbake til hytta, kledde av oss direkte i vaskekummen i bua, vaska syklane og dusja grundig. Eg trur ikkje me luktar lenger, men den neonfarga sykkeljakken min (sjølvsagt den nyaste) har fått varige spor.
Hei! Du er så flink til å legge ut turer fra nær og fjern. Jobbsykling er det vi holder på med. Lite utenom. Planlegger nå en 10 dagers sykkeltur i Bretagne. Setter sammen tur fra ulike kilder. Gleder oss og tror det blir en bra tur. Starter i beg på juli. Skal følge deg på kanalturen. Rigmor
SvarSlettJobbsykling er vel ikke dårlig det! Eg begynner for fullt etter påske. Bretagne er et flott område. Vi har gått ein flott tur på ein vandreveg heilt ute på kystklippene. Trur ikkje det var sykkelveg, men fantastisk med blått hav, blå himmel og lilla lyng.
SvarSlettVestlandske hovedveg og hevdaspreiaren:
SvarSlettDet var MYE verre spredning enn den nøkterne beskrivelsen akademikeren Margunn lanserte i bloggen sin. Det SMAKTE kumøkk lenge etterpå!!!!
Rolf