Å sykle til eller frå hytta har vore eit mål. Hu der har nådd dette målet.
Nogen rydda hytta og kjørte bilen heim, medan Hu der heiv seg på sykkelen. Kuling nordavind lørdag hadde blitt til lett bris frå sør søndag. Dagen var grå, det var 12 grader, og ingen konkurrerande planar.
Derfor blei det sykkeltur på 57,2 km frå Moivika til Austrått. Turen tok 3 timar og 40 min, hogd over havet var frå 10 meter til 75, det er meir kupert enn ein skulle tru. Det var lett medvind og det regna den siste timen. Men det var godt å sykle.
Beskrivelse av ruta, dersom andre vil prøve:
Moivika - riksveg 44 nordover til Sirevåg - inn til Sirevåg (3km), til høgre like etter butikken (Svanes) og rett fram inn på turvegen som går til Ogna. Gjennom skogen til kafeen i svingen (6 km), men like før svingen til venstre inn på grusveg som går på vestsida av jernbanen. Følg denne forbi Ogna stasjon og ta inn på Nordsjøvegen, som er skilta derfrå. Nordsjøvegen tar deg ut mot havet (7km) og gjennom Ogna Camping, deretter langs Hitlertennene (9 km) til Brusand. Ved brua på Brusand (10 km) kryssar ein vegen, syklar inn bak Coop og følgjer Nordsjø sykkelrute i retning Stokkelandsmarka og Haugstadskogen. Nå er ein inne på ein flott, til dels ny sykkelsti som går gjennom heile Hå kommune, frå Sirevåg til Garborg.
Vegen går gjennom stasjonsby etter stasjonsby: Vigrestad, Varhaug og Nærbø (ikkje gjennom sentrum), heile tida på sykkelsti. Etter Varhaug slutta eg å følgje Nordsjø sykkelrute, den svingar ned mot havet - sikkert fint, men ikkje i dag!
Skiltet for Time kommune kjem, og sykkelstien sluttar brått (33 km). Riksveg 505 har ikkje sykkelsti eller sykkelfelt før han kjem til Time kyrkje (39 km). Det er ein strekning med ein del trafikk, m.a. vegen mellom Bryne og Undheim går der. Stor kontrast til Hå kommune.
Men når Time først serverer sykkelsti, er han god på austsida av Frøylandsvatnet til Kverneland (46 km).
Vidare sykla Hu der over Orstad, Foss-Eikeland, Ganddal, Hovemarka, Tronsholen, Høyland kyrkje Kyrkjevegen og heim.
Tilfredsstillande å ha tatt turen. I finare ver og med selskap hadde nok pausane blitt fleire og lengre, men fint å sjå at det lar seg gjere å sykle denne turen. - Når det blir nordavind igjen, kan han syklast motsatt veg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar