Siste dag på sykkel. Båten gjekk frå Spakenburg til Huisen medan me hadde frokost. Det hadde vore mulig å sykla frå Spakenburg, men denne turen er nok laga for personar som ikkje vil eller kan sykle så langt som over 60 km pr dag, derfor første del med båt. Turen er lagt opp slik at alle høgdepunkt i området er med.
Høgdepunkta i dag var var garnisonsbyen Naarden og sluse- og slottbyen Muiden. I Naarden er åttekanta med vollgrav og festningsverk.
Høgdepunkta i dag var var garnisonsbyen Naarden og sluse- og slottbyen Muiden. I Naarden er åttekanta med vollgrav og festningsverk.
Muiden er kjent for slusa som regulerer eit heilt vannsystem innover i Nederland. I ein tidlegare krig slepte dei vatn inn i området sør for Muiden for å vanskeleggjere framrýkkinga til fienden.
I Muiden prøve me kippering, laga i ei bu på gata som bare selde fisk. Kippering er fish & chips utan chips, og nylaga var dette veldig godt.
Så skulle me sykle inn i Amsterdam. Innsykling i byar er lakkmustesten på om eit land har ein god sykkelpolitikk. Og Nederland besto testen, igjen. Vel var første del frå Muiden ikkje så koseleg, med høgspentlinje over oss, og motorveg, bussveg, vanleg veg på venstre side av oss. Me følgde knutepunkta som tok av frå den store vegen og sykla så på ei tynn landstripe i mellom to breie kanalar. På denne landstripa var det ikkje bebygd, for her gjekk dei svære høgspentkablane over oss. Men naturen sjølv hadde pynta langs vegen, og sykkelvegen var god.
Enden av vegen munna ut i fantastisk, prisbelønna sykkel- og gangbru. Nesciobrua. Eg har aldri sett maken. Brua er 800 meter lang, og har kurver. Brua er mykje brukt, og betyr nok at ganske mange fleire kan bruke sykkel på jobb.
Frå brua og vidare innover i byen var det samanhengande sykkelveg heilt fram til Centraal-stasjonen. Når vegar skulle kryssast, var det eigne lys for syklar. Etterkvart som me kom inn i byen, blei det ganske fullt på sykkelstiane, her var det ikkje bare å stoppe midt i vegen for å leite etter skilt, ein måtte anten følgje straumen eller kome seg ut på sida. - Og fotgjengarar måtte bare passe seg. - Me sykla i tunnell under sentralstasjonen og vidare ut til båten fann me og sykkelsti, og kom lett ombord.
Så var denne turen over. Ei ny erfaring er båt og sykkel, og muligheit til å sykle i gruppe med guide. Kjekt med kjentmann, me fekk mange opplysningar me elles ikkje hadde fått. Men me sykla "individuelt" heile tida. Dels for å kunne stoppe når me vil, dels fordi det er kjekt å finne vegen sjølv.
Å sleppe å pakke kvar dag som når ein syklar frå hotell til hotell er også ein fordel, men ein båtlugar er mindre enn eit hotellrom, for ikkje snakke om eit bad ombord på ein båt samanlikna med eit hotellbad. Eg var litt skeptisk til å ha same kokk kvar dag, men italienske Barbara har laga fantastisk god mat, så einsformig mat var det ikkje nødvendig å vere redd for. Under ligg Gandalf klar for tokt i Osterdok, i gåavstand frå sentralstasjonen.
Alle dei andre er tyske. Eg forstår tysk når dei snakkar til meg, men det er vanskeleg å delta i småsnakket ved bordet, så det blir kanskje litt kjedeleg ved måltida. Det hadde nok vore betre med ei blanding med fleire nasjonalitetar. Men elles er det fint med båt og litt korte strekk når helsa ikkje er heilt topp. I verste fall kan ein bli med båten i staden for å sykle!
Som vanleg kjøpte me turen av Pedalo, som brukte boat-bike tours som operatør. Profesjonelt på alle måtar. Svært god turleiar Rikko Bulten, ekstremt gode ruter og lett å finne fram, fine små byar, veldig godt sykkelstinettverk, svært god mat, kjekk skipper, reint og fint, fin ordning med sjølvbetning av drikke...
Vel overstått sykkeltur! Artig å lese om turen og om denne måten å ha sykkelferie på. Mulighetene er så mange. Gleder meg stort til sykkel,sol og nytt område å utforske. God sommer videre.
SvarSlettTakk for følge, og velkommen hjem etter hvert:)
SvarSlett