onsdag 13. juli 2022

Streikefast i Brønnøysund






Kva gjer ein når ein blir to dagar streikefast i Brønnøysund? Og veret er fint. Då leigar ein syklar på turistinformasjonen og syklar til Torghatten igjen, men denne gongen tar ein eit godt måltid på Torgarhaugen kafe og syklar deretter rundt Torghatten på ein sti som går nedanfor campingplassen og deretter rundt fjellet. 



Dagen etter syklar ein til Skarsåsen festningsanlegg frå andre verdskrigen. Det var interessante tunnelar og kanonstillingar, og oppslag om historien. Brønnøysund blei kalla Vesle Berlin på grunn av at NS hadde 90 medlemmar i den vesle byen. Dessutan var det fabelaktig utsikt over søndre Helgeland.  Det er ca 4 km ut til Skarsåsen, så deretter syklar ein rundt i byen, ser på den gamle kyrkja med minnesteinar over falne sjøfolk og soldatar, og  den nye stradpromenaden.  

søndag 10. juli 2022

Vevelstad - Brønnøysund 35 km

Mykje av turen denne dagen gjekk på riksveg 17, noko eg trudde skulle bli litt nifst. Men trafikken var liten, og bilane tok hensyn. Når det er ferjer i begge endar, blir det ikkje så mykje trafikk,sjølv om det var Vevelstad-dagar og aktivitet fleire stadar. På ferjeleiet på Andalsvåg var det fiskekonkurranse for barn og demonstrasjon av bruk av redningsutstyr. Etter ein kort ferjetur til Horn, sykla vi innom Hildurs urterarium, såg på urtene og prøvde urtepizzaen, før vi rulla inn til Thon Hotell Brønnøysund, fekk levert syklane og fekk beskjed om at flyet vårt fra Trondheim var kansellert, og vi fekk fly to dagar seinare. Toga var fulle, Hurtigruta gjekk seint nedover, så etterkvart bestemde vi oss for å bli o Brønnøysund to dagar ekstra. Kanskje leie syklar?



Oppsummering: Ein fantastisk tur. Ikkje så mykje sykling, men desto meir andre aktivitetar: klatring til Torghatten og i Vegatrappa, RIB-tur, museum om fiskeoppdrett i Brønnøysund, kystkultur og dunsanking på Vega, mykje å lære om livet i fiskeværa på RIB-turen, Petter Dass og Vevelstad bygdetun. Vi reiste med to hurtigbåtar og tre ferjer, alt koordinert av vår entusiastiske reiseleiar Knut Erling  Wedul, som kjørte bagasjen, fiksa syklane, hadde orienteringsmøter og sørga for at alle kom fram.

Overnattingane var varierte, alle greie på sine måtar, og dei to inkluderte middagane på Vega Fjordhotell og Forvik handelsstad var gode og lokale. Elles var det inkludert nistepakke kvar dag, og det var fint når det er eit stykke mellom kafeane - og husa i det heile. 

Vi anbefaler turen, sjølv om han ikkje direkte er billig. Du får ganske mykje, og er sikra plass på dei gode stadane.

Sandnessjøen - Vevelstad 40 km

 Veka før sykkelturen var det strålande ver i heile Norge, men det snudde då vi begynte på sykkelturen. Det var regn kvar dag, sjølv om det ikkje regan heile tida, det var opplett innimellom. Vi fekk kjenne Norge slik det kan vere, og med gamasjar over vanntette sko, regnbukse, ny regnjakke med hette, vannavstøttande hanskar og lue, samt sykkelbriller, gjekk det heilt fint å sykle. 




Men det var også fint å ta seg ein lang pause for å få med seg Petter Dass-museet og ein liten pause for å stikke innom den internasjonale krigskirkegården på Tjøtta. Mange russiske namn der, etter fangeskipet Rigel, feilbomba av dei allierte. Men også graver over ukjende soldatar. Ei påminning om kor feil krig er.




Frå Tjøtta ver det ferje til Forvik handelstad, kor noen overnatta og alle hadde boknafiskmiddag, vi overnatta på Vevelstad gjestegård, driven av eigaren som var vaksen opp på garden. Fine rom, gamle møbler i stovene og koseleg atmosfære. 

RIB-tur frå Seløy.

 




I pakken vår var det lagt inn ein RIB-tur med Seløy kystferie ut til fleire av væra utanfor Herøy og Dønna. Vi var i utgangspunktet litt skeptiske til ein båttur i regnet og blæsten, men godt innpakka i tjukk kjeledress, med vanntette hanskar og gode briller, var det ei oppleving å bli med på tur til stader vi aldri har vore og aldri vil kome til, og høyre historiar frå stadene. Det er hundrevis av øyer og holmar (12000 på Helgeland), det budde folk på Gåsvær, Måsvær og Åsvær, på Langøy, på Lamøy, Feøy, Sildøy og Seløy. Dyr og fuglar hadde gitt øyene namn. På nokre av øyane hadde det vore heile samfunn i storhetstida for sildefisket, på andre øyer var det ein eller to familiar med ei ku og elles fiske som næringsveg. Bøkene om Ingrid på Barrøy av Roy Jacobsen kan vel gi eit innblikk i livet der, tiltlane er De usynlige, Hvitt hav, Rigels øye, Bare en mor. Vi gjekk i land på Sandsundvær kor det i 1901 omkom 34  personar i ein orkan som fekk sjøen til å gå over øya og dra med seg både hus og folk som var der for å ha kort veg ut til fiskefelta. Etter ulykka blei det bygt ein molo.

Utværa blei fråflytta i 50- 60- og 70-åra då det blei gitt fråflytningstilskot som var så stort at det var vanskeleg å seie nei. Og når nokon begynte å flytte, forsvann skolar og post, og samfunnet gjekk i oppløysing. Husa som står nå, er feriebustader.  

Etter turen på minst to timar, åt vi matpakke i bua til Seløy kystferie før vi sykla vidare 21 km  til ferjeleiet Bjørn på Dønna. På andre sida var det kort vei til Sandnessjøen og hotel Scandic Sju Søstre. Regn og yr gjer det vanskeleg å sjå dei verkelege sju søstrene. Fullt på spisestadane i Sandnessjøen, men etter litt venting fekk vi bord på Sopranos saman med to i sykkelflokken. God mat og kjekke damer!


fredag 8. juli 2022

Herøy

 Fra Vega gjekk turen med hurtigbåt til Herøy. Ein tur på ca halvannan time på sjøen, inkl eit par stopp på øyer. Syklane kom inn i underets, men skulle ut på overetasjen, ei utfordring med el-sykkel med bratt trapp. På Herøy fekk vi møte søskenbarna til Rolf: Aksel, Inger, Kari og Solfrid, som kom kjørande 4 mil. Vi hadde ei koseleg stund på kafeen på Herøy brygge med gjengen mellom 70 og 80 år.



Vidare den dagen besøkte vi blomsterbutikken Etcetera, ein butikk/ei utstilling heilt utanom det vanlege, ein butikk med sjeldne vekstar og det meste av alt mulig anna presentert i små og større rom. Eg fekk meg også ein tur/retur Tennvalen, ein sykkeltur på ein øde veg til sør-sør-Herøy, den delen er ganske smal. Kjekt med hav og båtar på begge sider. Nesten ingen bilar.Overnatting og middag på Herøy brygge, og etter middagen viste vår reiseleiar Knut bilete frå turar i Asia og Afrika og litt elles. Imponerande og kjekt. 

Herøy kommune består av enormt mange øyer og holmar, og dei er bundne saman med fyllinger og bruer, imponerande, sjølv om både vegane og bruene er smale. Bilane kjører forsiktig, og det er gode forhold for syklistar sjølv om det er få km sykkelsti. 

Denne dagen regna det ikkje så mykje. 





tirsdag 5. juli 2022

Vega



 For ei flott øy! Vega, verdensarvområde på grunn av samarbeidet mellom kvinnene og ærfuglane. Kvinnene ga ærfuglane små hus å ruge i, og etterpå kunne kvinnene sanke dunet som dei reinska og selde, eventuelt betalte i avgift til vereigarane, familien Brodtkorb når det gjaldt Vega. Verdsarvstatusen har gjort at hus og brygger som sto til forfalls etter fråflytting på 60, 70 og 80-tal, nå er pussa opp og i bruk, først og fremst til turisme. 

Det er flott å sykle på ei slik øy. Gode, smale vegar og lite trafikk. I vegkanten er det ei fantastisk blomstring, lilla, gult, blått, kvitt, kjende og ukjende blomar. Det er så vått at det er svært frodig. 

Så var det eg som trudde eg var på sykkeltur. Sykkeletappane er relativt korte, derimot er det til nå lagt inn klatretur på Torghatten og trappetrinn i Vegatrappene. Eg ga meg halvvegs i trappene (det er 1400), på grunn av sein-covid. Lungene er ikkje heilt i orden. Men fantastisk utsikt etter 500 trapper også. 

Øyhopping på Helgeland krev oversikt over ferjer og hurtigbåtar. Det kan vere timar mellom avgangane, og då gjeld det å ha oversikt. I dag var det hurtigbåt Brønnøysund - Rødøy, i morgon er det mellom Gardsøya og Flostad. Vi har kjøpt billett til syklane, men dei er gratis, fekk vi beskjed om av billettøren.

Midt på øya, på Gladstad, er det ein velutstyrt sportsbutikk. Heldig for meg, som hadde tatt med meg ein så gammal regnjakke at han dryssa og ikkje var tett i alt regnet som var tidleg på dagen. Butikken hadde det eg trong, og med ny jakke, god bukse, vanntette sko med gamasjar så var eg heilt tørr og god og varm.

Overnatting på Vega havhotell, med femrettars middag, nydelig, med både fisk og lam. Fantastisk dersom dei får til drift på eit hotell som ligg så avsides, og det kan hende med så god mat.




 

mandag 4. juli 2022

Brønnøysund - Torghatten - Brønnøysund 28 km

Å sykle på Helgeland er noe annet enn å sykle i Tyskland. Naturen, været, avstandene, ferjene. Til tross for dårlig vermelding, så har dagen i dag slett ikke vært så våt. Det var solskinn til 13.30, da noen veldige byger, og så opplett. Vi var inne på Havforskningssenteret da det regnet som verst, og har egentlig ikke fått testet regntøyet. 

Torghatten var verdet en tur. Hullet er 160 m langt, 35 m høyt og 20 m bredt, og ble skapt i istiden, går skrått nedover, og er ganske høyt over sjøen. 15-20 min å gå i ulendt terreng fra parkeringsplassen, krevende for noen av Hurtigrutepassasjerene vi møtte, men en fin tur. Mektig formasjon som vi fikk høre myten om på havbruksenteret. Det er Hestmannen som skyter med pil etter den åttende søstera, og det er Skarsfjellmannen sin torghatt som blir kastet i mellom og får hol. 

Veldig greit å sykle over Brønnøysundbrua og ut til Torghatten - 14 km på asfalt. En del busser og bobiler, men alle måtte kjøre sent fordi veien var smal. Vi hadde med matpakke fra hotellet, veldig grei ordning i Norge, men det hadde vært mulig å kjøpe noe på veien i dag. 

Vår første tur på elsykler. Vi har vel blitt så bortskjemt med det i det daglige at vi føler vi trenger det. Gode Meridasykler. 

Thon hotell Brønnøysund er ok. Vi hadde torsk på restauranten Kred i går. Fersk torsk, bacon, kålrabistappe. Det var veldig bra, og restauranten frister til reprise i dag, selv om det er andre spisesteder.




søndag 26. juni 2022

Sykkeltur på Helgelandskysten

Endelig håp om sykkeltur igjen. Håp, fordi det kan komme vansker i form av streiker i luftfarten. Men vi har bestilt sykkeltur på Helgelandskysten med start og slutt i Brønnøysund. Arrangør er Kystriksveien Reiseliv. Det blir en tur slik vi er vant med, fra hotell til hotell med bagasjetransport. Knut Erik Wedul er turleder, hjelper og bagasjetransportør. Vi sykler med elsykler, for første gang på slik tur, og etappene er relativt korte. Det blir nok et annet terreng enn det vi har hatt de siste årene, så det kan være greit med både motor og korte etapper, spesielt når noen har passert 80 år. Det blir mye å se, så selv om vi håper på fint vær, går det med dårligere vær også. Regntøy og ullundertøy pakkes. 

Turen har denne ruta: Brønnøysund - Torghatten - Brønnøysund - Vega - Herøy - Dønna - Sandnessjøen - Forvik/Vevelstad - Brønnøysund.