Siste etappe av denne korte turen gjekk frå Drøbak til Nesodden, eit stykke på 25 km, så båt til Aker brygge og sykkel til Sandakerveien / Lillo gård (Marie og Magnus). Denne gongen også med Komoot-stemme i øyra. Etappen på Nesoddlandet får 4 av 5 poeng: Godt underlag, lett å finne fram, interessante små stader på vegen. Minus var at noko av traseen var på veg saman med bilane, rett nok med lite trafikk sjølv laurdag føremiddag. Men det var altså ganske mykje sykkelveg også.
Båten gjekk akkurat då eg rulla inn på Nesoddtangen, men det var kafé på plass, så ein halvtime med kaffe var heilt ok. Det kosta 36 kroner for ein honnørbillett frå Nesodden til Aker brygge (Ruterapp) - ingen upris for ca 30 min på fjorden. Frå Rådhuset og opp til Lillo gård guida Komoot meg på strålande sykkelvegar i Oslo: Maridalsveien, Uelands gate, Stavangergata ….så Badebakken og forbi barnehagen til Asta og langs Akerselva til mål i Sandakerveien. Der såg eg Asta på terrassen. Sykkelen blei parkert i sykkelbua, batteri tatt inn for lading, og så var den turen slutt og sykkelen flytta frå Sandnes/Moivika til Oslo. Turen var akkurat passe lang tur, alle ting tatt i betraktning. Og Norge er fint om sommaren!