Eg tok i bruk appen Komoot til denne turen, og det fungerte bra med lyd frå appen inn i høyreapparatet. Det kan eg altså bruke høyreapparat til. Eg måtte lære kva det betydde når appen sa ta til høgre og ta til venstre, ofte var det rett fram, men den eine varianten av to moglege. Og så gjekk appen heilt i spinn då eg måtte sykle rundt eit vegarbeid i Moss, og då eg var inne og handla mat i ein ganske stor Kiwibutikk. Ruta blei omkalkulert fleire gonger. Det var fint å starte turen med Horten - Moss-ferja. Den går ca 3 gonger i timen og er gratis for syklar og folk. Etterpå fann eg lett vegen med appen, og fekk eit glimt av Moss. Elles var turen kjedelegare enn dagen før. Det var ganske lange strekk i skog langs vegen til Oslo. Ca 3 km sykla eg på bilvegen - då gjekk det fort - men heldigvis var resten på sykkelsti, parallelt med vegen eller eit stykke frå. Det.var asfalt heile vegen, og litt motvind gjorde det relativt tungt sjølv om turen ikkje var så lang. Eg sykla på nasjonal sykkelvei 7 før eg svinga av til Drøbak.
Var turen kjedeleg, så var Drøbak ei perle. Masse gamle trehus ved fjorden, og like mykje blomar som i Alsace. Vandra i byen i ettermiddagssola, sjå bilete under. Eg overnatta på Reenskaug Hotel, eit historisk hotel som skryter av å ha hatt Christian Krohg og co som gjester.
Sykkelen fekk stå i et konferanserom, i går fekk han stå på koffertoppbevaring på Thon hotel Horten, og første dag på motellet tok eg han inn på rommet. Han har vore trygg heile tida.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar