tirsdag 19. april 2011

Cinder trail frå Whitby via Robin Hood Bay til Scarborough.


21 miles/ 33,5 km. Del av nasjonal sykkelrute nr. 1.

Mange jernbaneruter i England er nedlagde, etter at Richard Beeting hadde sett i verk ei sterk modernisering av britisk samferdsel på 1960-talet. Frå siste del på 1800-talet hadde England jernbanespor på kryss og tvers, det blei for dyrt og gjekk for langsamt, fann dei ut, og 3000 stasjonar blei nedlagde, og mange kilometer jernbanelinjer blei tatt ut or drift.

Heldigvis er mange av dei nedlagde linjene omlaga til sykkel- og turvegar. Ein slik turveg er Cinder trail mellom Scarborough og Whitby. Å gjere ei jernbanerute om til sykkelsti er heilt genialt, når ein først er så dum å leggje ned jernbanen: traseen ligg klar med bruer og undergangar. Det er bare å ta bort svillane og jevne ut underlaget. Verken syklistar eller tog likar sterk stigning eller bråe svingar, så ein jernbanetrase er perfekt for sykling.

Eg sykla bare ein del av Cinder trail på min medbrakte Brompton samanleggbare sykkel. Ein dag frå vårt utgangspunkt i Robin Hood Bay til Whitby tur- retur, ein annan dag t/r Ravenscar, halvvegs til Scarborough. Cinder trail heiter som han heiter fordi jernbanen var lagd på cinder, slagg, i staden for på småstein. Dette underlaget er det nok litt igjen av, for underlaget var godt og hardt å sykle på for det meste, som oljegrus, nesten.  Det gjekk stort sett veldig greit å sykle, sjølv med små Brompton-hjul.

Denne ruta var fantastisk godt merka. Eg sykla utan kart, hadde bare sett ruta i ein reklamebrosjyre, og visste kor eg skulle starte ved stasjonen i Robin Hood Bay.

Dersom vi startar i Whitby, er den største utfordringa å finne utgangspunktet, sjå biletet over.  Finn ein bare dette, er ein redda. Resten av vegen er svært lett å finne. Nokså fort etter Whitby kryssar ein elva Esk på Larpool viadukten, ei meget avansert gang- og sykkelveibru, ta ein kikk på lenka.

Derfrå kjem ein til Hawsker gamle stasjon, med sykkelutleige og gamle jernbanevogner, kryssar vegen eit par gonger (utan større problem), for så vidare, totalt bilfritt, sykle langs frodige, grøne bakkar ut mot havet med ei fantastisk utsikt, før ein ser Robin Hood Bay. Dei la jernbanen flott til i dei tider sist på 1800-talet då dei bygde linja. 

Syklar ein heile ruta, må ein ikkje la vere å dra ned i Robin Hood Bay. Tidlegare ein isolert fiskarlandsby og smuglarhamn ( for eksempel for te, brennevin og tobakk), nå ein malerisk turistby med svært mykje opprinneleg sjarm intakt. Robin Hood Bay er også avslutningspunkt for dei som går Coast-to-coast, tvers over England, og mellomstasjon for the Cleveland Way, ei lang, samanhengande vandrerute i Yorkshire, først på moors og dales, så langs kysten på klippekanten. Heilt nydeleg.

Frå RHB syklar ein derimot litt lenger inne i landet sørover mot Raven Hill/Ravenscar og Scarborough. Her varierte underlaget noko. Nokre stader vel ujamt, men stort sett bra. Det er interessant å sjå korleis dei har fylt ut ravinar og plassert toglinja i det kuperte og skrånande landskapet. Det er litt av eit landskap i nordaustre Yorkshire, klippekanten ligg høgt over havet, og kvar minste bekk har skore seg djupt ned i landskapet. Difor er det svært bratt her og der. Mellom Robin Hood Bay og Ravenscar er det ganske aude. Eg passerte fire-fem gardar. Ikkje mykje for ein jernbane.


Då jernbanen kom i 1885, blei det bygt hotell og satsa på turisme både i Whitby, Robin Hood Bay og i Ravenscar. I Whitby har det vore suksess, i Robin Hood Bay ganske vellukka, men i Ravenscar er tilgjenget til stranden for vanskeleg og bratt, og staden har ikkje blitt nokon turistsuksess, heller ein fiasko. Vidare går traseen til Scarborough, men der har eg ikkje sykla. Derimot hadde eg meg ein tur på sykkelsti/ nedlagd jernbane inne i York by, men det er ein annan historie. 




søndag 3. april 2011

Endeleg vår

Det er vår både ved Bråsteinvatnet og andre stadar. Fleire av sykkelvegane er feia, og veret er godt. Ut og trø!!

søndag 20. mars 2011

Foggel eller fisk eller midt-i-mellom?

Då me var små og hadde gøymeleik, spurde dei som skulle leite om hint: Er det foggel eller fisk eller midt-i-mellom? Klepp kommune har meldt seg på leiken.

Klepp starta med foggel: I rundkøyringa i omkøyringsvegen rundt Kleppe er det ein flott blå fugl. Det var nokre kritiske røyster då han kom opp: Han kosta pengar, og "var det noko nytte i ein blå foggel?" Men dei fleste liker han, og han har blitt eit friskt landemerke. Nokre spøkefuglar la også egg under han ein gong, rett nok traktoregg...

Deretter blei det fisk: I den nye rundkøyringa på Foss-Eikeland er utsmykninga fiskar. Så nå er det både foggel og fisk i Klepp.

Kva så med neste rundkøyring då, på Kåsen, Skjæveland eller Orstad eller ein annan stad. Eit dyr "midt-i mellom"? Ei ku eller ein sau? Sauer er friske dyr, sjå video og bli glad. Det er vår!!


søndag 6. mars 2011

Bruer må til

Blå himmel og sol, påskestemning i låglandet, med litt is på vatna, men plussgrader. Herlig tur til Klepp, årets første skikkelige tur.

Mellom Sandnes og Klepp renn Figgjoelva. Sørover kryssa me elva på Foss-Eikeland. Der har det kome ny bru, med sykkelstiar og sykkelundergang. Ved brua har Klepp fiskestatuar, flott. Andre vegen kryssa me elva på Skjæveland. Me sykla på den gamle brua som tipp-tipp-oldefar Ingebret Mossige var med på å byggje, medan bilane kjører på den "nye". Motorvegar og jernbanelinjer har laga nye stengsler, så det må bruer til der også. Vi fekk ein fin tur frå Ganddal til Kvål fordi det er bru over jernbanen nedanfor  Ganddal idrettsplass. Den er også ganske ny, ved den nye godsterminalen, og gjer Vagleskogen tilgengeleg til fots frå store bustadområde på Ganddal.

Om bruer på Wikipedia.





lørdag 29. januar 2011

Årets første sykkelglede

Så blei det mildt, 7 grader, og sykkelen hadde luft i slangane og hjula trilla fint rundt! Herleg! Tur- retur Dale var lørdagens kosetur i sol, blå himmel og svak nordavind. Det låg nedramla istappar på sykkelstien, men det var ikkje noko problem om det skulle ramle ned meir is, me hadde jo hjelm. - Merkar at vi har vore i ro i vinter, må trene til Italiatur.

fredag 28. januar 2011

Årets første skuffelse

Endeleg sykkelver. Fornøyelsen blei kort, i Hoveveien sykla eg gjennom flaskeskår og punkterte. Sykkelstiane er sjølvsagt ikkje feia ennå, nå i januar. - Men han der fekk reparert dekket dagen etter.

søndag 26. desember 2010

Mai 2011 Venezia - Porec

Då er det bestemt og bestilt: Maisykkelturen blir inst i Adriaterhavet, med start i Italia, bittelitt i Slovenia og inn i Kroatia.

Å få med seg Venezia igjen, blir bonus, Venezia var eit viktig maktsentrum og eigen republikk i tusen år, fram til slutten av 1700-talet, og er heilt spesiell, med alle kanalane, Markusplassen og Dogepalasset. Ein dag i byen, før syklinga startar.

Frå Venezia skal vi sykle nordover langs strendene, gamle turiststrender som Lido di Jesolo og Caorle.. Det blir espresso på fortauskafeane på piazzaene i småbyane. Lokal vin kan det vel også bli litt av, samt god, italiensk mat.

Men det vil også bli mykje levande historie, for eksempel ein tur innom Aquileia, ein opprinneleg viktig romersk by grunnlagt år 181 f. Kr., nå mest ruinar og utgravingar. Så ein svipptur ned om Grado, med gågater, piazza og tårn. Vidare kan Miramare-slottet frå 1800-talet vere interessant å kikke litt på, med den franske hagen. Slottet blei bygd av habsburgarane som herska over Østerrike-Ungarn på 1800-talet.

Til slutt endar vi opp i middelalderbyen Porec i Kroatia, sjå bilete. Byen var også først ein romersk by, men ber mest preg av middelalderen. Han har ei kjent kyrkje, Euphrasius-basilikaen, bygd på 500-talet då byen var under det bysantinske riket. Porec har hatt turisme sidan 1800-talet, men den gamle middelalderbyen er godt bevart. Frå Porec tar vi båt tilbake til Venezia, det blir ein kjekk rundtur.