Så blei det mildt, 7 grader, og sykkelen hadde luft i slangane og hjula trilla fint rundt! Herleg! Tur- retur Dale var lørdagens kosetur i sol, blå himmel og svak nordavind. Det låg nedramla istappar på sykkelstien, men det var ikkje noko problem om det skulle ramle ned meir is, me hadde jo hjelm. - Merkar at vi har vore i ro i vinter, må trene til Italiatur.
lørdag 29. januar 2011
fredag 28. januar 2011
Årets første skuffelse
Endeleg sykkelver. Fornøyelsen blei kort, i Hoveveien sykla eg gjennom flaskeskår og punkterte. Sykkelstiane er sjølvsagt ikkje feia ennå, nå i januar. - Men han der fekk reparert dekket dagen etter.
søndag 26. desember 2010
Mai 2011 Venezia - Porec
Då er det bestemt og bestilt: Maisykkelturen blir inst i Adriaterhavet, med start i Italia, bittelitt i Slovenia og inn i Kroatia.
Å få med seg Venezia igjen, blir bonus, Venezia var eit viktig maktsentrum og eigen republikk i tusen år, fram til slutten av 1700-talet, og er heilt spesiell, med alle kanalane, Markusplassen og Dogepalasset. Ein dag i byen, før syklinga startar.
Frå Venezia skal vi sykle nordover langs strendene, gamle turiststrender som Lido di Jesolo og Caorle.. Det blir espresso på fortauskafeane på piazzaene i småbyane. Lokal vin kan det vel også bli litt av, samt god, italiensk mat.
Men det vil også bli mykje levande historie, for eksempel ein tur innom Aquileia, ein opprinneleg viktig romersk by grunnlagt år 181 f. Kr., nå mest ruinar og utgravingar. Så ein svipptur ned om Grado, med gågater, piazza og tårn. Vidare kan Miramare-slottet frå 1800-talet vere interessant å kikke litt på, med den franske hagen. Slottet blei bygd av habsburgarane som herska over Østerrike-Ungarn på 1800-talet.
Til slutt endar vi opp i middelalderbyen Porec i Kroatia, sjå bilete. Byen var også først ein romersk by, men ber mest preg av middelalderen. Han har ei kjent kyrkje, Euphrasius-basilikaen, bygd på 500-talet då byen var under det bysantinske riket. Porec har hatt turisme sidan 1800-talet, men den gamle middelalderbyen er godt bevart. Frå Porec tar vi båt tilbake til Venezia, det blir ein kjekk rundtur.

søndag 31. oktober 2010
Sandvedparken
Også på dagens tur var vi innom Sandvedparken, sykla sørover i dag, fordi det var vind frå søraust, og då var det fint å sykle i den skjerma parken. Når vi syklar på den smale stien i parken, må vi sykle seint, for det er alltid turgjengarar der søndagar. Men eit lite kling med bjella er det som skal til for å få fotgjengarane til å lage veg for oss, det går bra.
Sandvedparken er verkeleg ei perle i allslags ver. I dag var det høg vannstand i Storaånå og nydelege haustfargar på trea. Eg visste at noko av parken hadde vore planteskole ein gong, og at min onkel Enevald i Åsedalen, nå over 90, hadde vore med på dugnad, men kva er eigentleg historien til den 3,5 m lange parken, ikkje 800 m, slik det står i Wikipedia.
Tidleg på 1900-talet var det parkanlegg noko som heitte Sandved hagebrukskole på garden Sandved, sjå kart. Kommunen (då Høyland kommune) leigde denne parken frå 1932, men kjøpte han seinare. Det vi i dag kallar Sandvedparken består eigentleg av den opprinnelege parken og seks til: Skeianeparken, Brueland-, Skei-, Sørbø-, Åse- og Lundeparken og strekker seg frå den gamle jernbanestasjonen på Sandnes til Ganddal stasjon, langs Storaånå. Dei sju parkane skal eigentleg heite Gandsparkane, men det er det vel få som veit. Onkel Enevald var saman med Guttorm Skårland og andre frivillige med på å lage eit fint anlegg ved Mølledammen, dammen heitte det på grunn av mølla som låg der. Ved mølla låg tidlegare Åse havremølle og Åse møbel, nå laga dei ein fin del av parken med ei bru og ein liten foss.
Det var framsynte folk som planla dette lange parkdraget. I 1962 vann landskapsarkitektane Fosså og Skjold konkurranse om korleis han skulle sjå ut, og hovudarbeidet med parken blei gjort rundt 1970. Mange bur inntil parken, og har glede av han kvar dag. Stadig nye hus veks opp langs elva, og nokre stader er parken svært smal. Klart det blir konflikter mellom grunneigarar og det offentlege om arealbruken. Kvadratmetrane er verdifulle!
Planen nå er å åpne ånå (elva) i nord heilt til Gandsfjorden, og gjere delar av steinørkenen i Vågsområdet om til park. Første steg i så måte er det som er gjort utanfor Vågen vidaregåande skole, men det er klart vanskar for kommunen å få grunneigarane til å avstå grunn til park i staden for å byggje bustader. Varner og Felleskjøpet er ikkje heilt med på å spleise på park. Men sjå på biletet under frå Stavanger Aftenblad 22.10.2007, vil det ikkje kunne bli flott! Nå er det snart slutt på 2010, og ånå er i ferd med å bli opna ved skolen. Elles er det stillstand. Felleskjøpet nekta til og med dei som arbeider med elveløpet nå å gjere arbeidet frå deira eigedom - siloane.
STORÅNAPARKEN: Sentrumsplanen for Sandnes foreslår følgende i Vågen: Ei stor bølgende grasslette hvor silobygget er i dag, kalt Fjerå (1) åpner området ut mot fjorden. Lengre sørover planlegges Bylunden (2), og i stedet for å ende kanalen her, åpnes Storåna videre oppover, forbi et høyhus (3), og parkering på tre plan under parken (4). I Vågsgjerd-området (5) er parken smalere, men i Nye Laksen (6) utvides den igjen. Den gamle badeplassen gjenoppstår og danner linken til Sandvedparken på andre siden av jernbanen.

søndag 17. oktober 2010
Mange vegar fører til Klepp!
Klar haust er fint! Her ved Stokkelandsvatnet |
Einsam forhaustar på Bore. Ingen kyr. |
Gammal steingard på Skas, med rundballar |
Når tek vi til å sjå på steingardane som kulturminne? Det er bevart ein gammal veg med steingardar tvers gjennom universitetsområdet på Ullandhaug. Elles veit eg ikkje om nokon.
Etiketter:
Bore,
Frøylandsvatnet,
Heigre,
Klepp,
Sandnes,
steingjerder
onsdag 13. oktober 2010
Planar 2011
Nå er det lenge til neste langtur, men planlegginga er begynt. Ein tur tidleg i juni ein stad ved Middelhavet, bra eller?
Alternativ 1. Venezia - Kroatia langs kysten inst i Adriaterhavet til Kroatia. Ser veeldig kjekk ut. Her fins det både strender, kultur og godt ver (trur eg). Har vore i Venezia før, og det var jamen litt av ein by. Kjem gjerne igjen. Eg har ikkje vore dei andre stadane inne i bukta der, det kan bli spennande. Vanskegrad 2 av 4, det er vel akkurat passe?
Blir det ikkje Venezia, fins det fleire alternativ
Alternativ 2. Provence - Luberon. Rundtur med start og stopp i Aix-en Provence. Vakkert, kupert landskap. Sykling på småvegar og sykkelsti. Sykla ein flott tur lenger vest i Provence mai 2009, syklar gjerne meir i det området.
Alternativ 3. Tidleg juni er det vel heller ikkje for varmt i Portugal? Dette forslaget er ein tur i Alentejo, landskapet mellom Lisboa og Algarve.
Fleire gode forslag?

søndag 10. oktober 2010
Langs bilvegar på Jæren
Nå har vi tulla nok rundt på idylliske skogsstiar og fine sykkelvegar. Livet skal ikkje vere slik, her må ein sykle på den verkelege vegen skal det bli kilometer! Vi kan ikkje ha det heilt godt heile tida!
Som sagt, så gjort: Vi la ut frå Austrått, langs E39 er det faktisk svært bra sykkelsti forbi Ålgård (12 km - Han der har fått sykkelcomputer). På Ålgård svinga vi av på RV506 mot Bryne, og nå var det slutt på det som heitte sykkelsti. Men vegen er såpass smal at trafikken gjekk nokså roleg. Naturen på Høgjæren er veldig fin, vegen passerer friområdet ved Melsvatnet, og kjem ned ved Lye. Der møter RV506 RV505, i det vi nærmer oss meir tettbygde strok er sykkelstien der igjen. Å kome til Bryne (30km) austfrå er eit syn: Flotte hus langs ei brei gate med sykkel- og gangsti på begge sider og alléplanting. Lurer på om lyefolk legg merke til det? Frå Bryne sykla vi langs RV44 til Kleppe. same vegen som eg sykla i perioden 1970- 1973, i gymnastida. Vegen var den same som for 40 år sidan, men det har gått frå frå 0 til 100% sykkelsti, ein har fått bompengestasjon, og vegen er lagt om ut av Bryne og på Braut. På Kleppe (35,5 km) hadde vi matpause i Stakken 4, det gjorde godt, før vi sykla heim over Skjæveland, Ganddal og Åsedalen, framleis langs rv44. - Sykkelsti heile vegen. Ein liten ekstrarunde på slutten ga 50,5 km, ei god dagsøkt. Han der var flink og sykla sist heile vegen.
Eg har lagt ut ruta på BikeMap, sjå kartet her, men du kan zoome og finne fleire opplysningar på:
BikeMap.

Abonner på:
Innlegg (Atom)