onsdag 25. april 2012

Brompton meets Brompton

Samanlagd Brompton, SLF Lillestrøm og omegn
Er nå i gang med mellomløysinga på jobbreisa mi: Brompton 3 km - tog Sandnes - Jåttåvågen - Brompton 4,5 km. Litt mye regn til å sykle heile vegen begge retningar. Bromptonsykkelen vekker heile tida merksemd, mange ser på når eg slår han saman eller "brettar han ut", nokon kommenterer.

Ein dag fekk eg e-post frå ein Brompton-entusiast på Lillestrøm, Carsten Wiecek, som inviterte til Brompton meets Brompton. Ein sykkelrunde i byen for  Brompton-syklistar og andre med samanleggbar sykkel, lørdag 19.05.2012, som ein del av Lillestrøm sykkelfestival. Det blir heilt sikkert flott. Eg oppfordrar dei som kan å bli med.


Foto: C.Wiecek, SLF LIllestrøm

lørdag 21. april 2012

Sykkeldikt og syklist i Oslo

 I Oslo


Korleis er det i vere syklist i Oslo? 
Eg gjekk Markveien på Grünerløkka, den såg ut til å vere fin å sykle i, men ellers?
Aftenposten slår fast at ikkje alt er heilt topp.

Men sykkeltrenden viser seg i avisa:
Aftenposten har sykkelbilete og sykkeldikt 20.04.2012

Det nytte ikkje
å nå stjernene
med sykkel.

Det e ikkje sikkert
det e så viktig
å nå stjernene heller.

Men stjernene
forsvinne ikkje
når me bruge
sykkel.

På sykkel mot stjernene av Gunnar Roalkvam

Det glitrer blankt i et sykkelstyre
Nu er det juni og hggeduft.
Og unge piker har tynde tøie
imellem sig og den lyse luft.

Utdrag fra Sykkelstyret av Nordahl Grieg

Salig er de syklende. I sjøer av duft
gjennom marker som svimer i kornsus og sol
I nedoverbakkenes frinav, med håret i vinden
Overalt, selv inne i skogen, hører du den store
sangflaten havet suse i løvtaket over dem.

Utdrag fra Å sykle av Stein Mehren

Bicycle, bicycle, bicycle
I want to ride my bicycle, bicycle, bicycle.
I want to ride my bicycle.
I want to ride my bike.
I want to ride my bicycle.
I want to ride it where I like.

Utdrag fra Bicycle Race av Freddie Mercury, Queen


søndag 11. mars 2012

Første sykkeltur 2012

Yr, grått, vondt i rumpa, 36 km t/r Austrått - Kleppe, herrrrlig! Og 10 grader og nesten vindstille.
Klepp har feid sykkelstiane, flott, laus grus mange stader i Sandnes kommune. 

lørdag 21. januar 2012

Mai 2012: Frankrike igjen, nå Bourgogne

Ein sykkeltur i året er ikkje nok. Me har god erfaring med å sykle på kontinentet i mai, og då eg fann ei ledig veke på kalendaren, var ikkje Han der sein med å invitere med seg Elkjøp og Hans kone på tur.  Kor skulle me dra nå?

Denne gongen vann Frankrike, i konkurranse med turar i Toscana og Puglia i Italia. Begge turane i Italia kan vere aktuelle ein annan gong, men denne gongen blir det altså å sykle frå landsby til landsby i vinmarkene i Bourgogne, start i Beaune. Passe lange etappar, passe anstrengande, og sjansen for godt ver i mai er absolutt til stades. Landsbyane er idyllar med bindingsverkhus, maten og vinen er svært god og landskapet er vakkert. Bourgogne ligg sør for Alsace og nær grensa til Sveits.


Han der har for lenge sidan blitt "trufast kunde" i reisearrangøren Pedalo i Austerrike, der me har bestilt 90% av sykkelturane våre. Det betyr rabatt. Han har også fått seg personleg kontaktperson, frau Burgstaller, som ordnar opp. Pedalo har for oss vore ein garanti for kvalitet, sjølv om dei kjøper dei fleste turane hos lokale operatørar. Dei har god kvalitetskontroll.

onsdag 30. november 2011

Sommaren 2012: Østersjøen 2

Fleire av syklistane vi har truffe på våre turar, har anbefalt oss å sykle langs den tyske Østersjøen. Vi hadde lyst til det. Og når det seks mann store reisefølgjet vårt også kan tenkje seg det, så blir valet lett.

Hansabyar med godt bevarte gamlebyar, strender med badeanlegg, fyr, skrenter og mykje natur blir tema sommaren 2012. Turen i juli går frå Lübeck via Wismar og Rostock til Stralsund, den gule løypa på kartet. Turesn startar i gamle Vest-Tyskland, men mykje av turen i gamle DDR.

Det er paddeflatt, så det blir bestilt syklar med 7 gir.

Lübeck var den sentrale byen i Hansaforbundet som dreiv handel i Østersjø- og Nordsjøbyar. Hansaforbundet hadde kontor i Bergen i nord, i Riga i aust og i Belgia/ Nederland i vest. Dei handla med salt, sølv og tørrfisk og mykje anna, og hadde stor makt. Det historiske bysenteret i Lübeck er på UNESCO si verdsarvliste.

Wismar er og ein Hansaby på UNESCO-lista på grunn av mursteinshusa sine. Byen var frå 1648 til 1803/1903 under Sverige. Rostock var ein av dei større Hansabyane, og han ligg bra til strategisk. Både svenskar, danskar og franskmenn har kjempa om byen og til tider rådd over han. Stralsund kor turen sluttar, er også ein Hansaby med gamleby på UNESCO-lista, og har på same måten som nabobyane hatt mange herskarar opp gjennom tidene.


søndag 27. november 2011

Søndagsyklist i Mexico by - 40 km



La alt negativt som er sagt om sykling i Mexico by vere usagt, i alle fall når det gjeld søndagar. Kvar søndag stenger myndighetene av gater, avenyar og delar av motorvegar for bilar og lar syklistane rå heilt fram til lunsj. Mange vakter og politimenn er ute og passar på løypene. Det er sponsa drikkestasjonar og tydelegvis mange frivillige ute i byen.  Det må ha vore tusenvis av meksikanarar syklande rundt i byen på dei avstengde vegane, saman med to norske turistar som heiv seg på i eit gatekryss og følgde straumen.




Nokre stader av byen var det kryssande trafikk, noko som gjorde at sykliatane måtte vente. På den måten samla det seg opp horder med syklistar, alt frå fireåringen med bein som gjekk som trommestikker, til fullt utstyrt treningsracarar. Kartet her viser løypa. Ho var 40 km, og me klarte ein runde, noko som var ein ganske stor prestasjon. Me var ikkje veldig godt førebudde, me visste ikkje om dette her. Heldigvis kom me rundt før løypa blei tatt bort (like før). Hadde me ikkje gjort det, trur eg me måtte ha tatt syklane tilbake i taxi.

Utstyret vårt var så som så, eg sykla med håndveska på ryggen, og dei leigde syklane var ikkje akkurat dei beste. Men kva kan ein vente når det er gratis sykkelutleige? Vi leverte inn passa våre som pant, måtte skrive under på eit formular, og bli tatt bilde av, så hadde vi syklar gratis i tre timar. Utleigebua var på venstre sida av den store kyrkja på Zucaloplassen, Catedral Metropolitana, dersom nokon andre vil leige sykkel i Mexico ein gong.

Eg trur bare eg ville gjort det ein søndag, men då er det absolutt å anbefale.

mandag 21. november 2011

Sykle i Mexico??


La det vere sagt, vi drog ikkje til Mexico for å sykle, og det å sykle for transport ser ut til å vere svært hasardiøst og lite utbreidd. Eg har bare sett ein syklist i gata. Men vi har klart å sykle likevel.

Vi er i Monterrey i delstaten i Mexico som grenser opp mot USA. EIn verknad av naboskapen med USA er at mykje er amerikanisert, så og transporten, det er bil, bil, bil som er tingen. Gatene har gjerne seks filer i ein retning, og vi som er turistar, tar taxi kor vi skal. Vi har observert ein einaste sykkelundergang, ved Technologico-universitetet.

Ei anna årsak til at vi tar taxi, er at det er utrygt å gå rundt mange stader. Monterrey har blitt ei slagmark for narkokrigar, og det er høg kriminalitet med ran og kidnapping i byen. Ein må opphalde seg på trygge stader. Då tullar ein ikkje rundt som ukjend turist. Korleis sykle då i denne byen?

I Monterrey er det eit enormt parkområde, Fundidor, der ein syklar: Vi leigde sykkel ein time for tilsvarande fem kroner, og kom oss rundt heile parken på ein behageleg måte. Enkle syklar utan gir og med ei brems, men det var heilt flatt. Vil ein ha utfordringar, kan ein sykle i fjellet her. For å kome inn på vegen må ein betale, det gjer at det er lite trafikk. Så kan ein sykle bratt opp og utfor etterpå. Då er gir og gode bremser påkrevd, det er fleire hundre meter stigning. Dette prøvde vi ikkje.

I Mexico City er det noko betre forhold for syklistar. Det er mange breie avenyar, og nokre stader er det sykkelfelt. Det fins bysyklar, og eg har til og med sett dei i bruk. Det er også ein god del sykkeltaxiar og varesyklar. Det går greit, for sjølv om trafikken i sentrum er tett, så går den også ganske seint, og då passar det med sykkel.