La alt negativt som er sagt om sykling i Mexico by vere usagt, i alle fall når det gjeld søndagar. Kvar søndag stenger myndighetene av gater, avenyar og delar av motorvegar for bilar og lar syklistane rå heilt fram til lunsj. Mange vakter og politimenn er ute og passar på løypene. Det er sponsa drikkestasjonar og tydelegvis mange frivillige ute i byen. Det må ha vore tusenvis av meksikanarar syklande rundt i byen på dei avstengde vegane, saman med to norske turistar som heiv seg på i eit gatekryss og følgde straumen.
Nokre stader av byen var det kryssande trafikk, noko som gjorde at sykliatane måtte vente. På den måten samla det seg opp horder med syklistar, alt frå fireåringen med bein som gjekk som trommestikker, til fullt utstyrt treningsracarar. Kartet her viser løypa. Ho var 40 km, og me klarte ein runde, noko som var ein ganske stor prestasjon. Me var ikkje veldig godt førebudde, me visste ikkje om dette her. Heldigvis kom me rundt før løypa blei tatt bort (like før). Hadde me ikkje gjort det, trur eg me måtte ha tatt syklane tilbake i taxi.
Utstyret vårt var så som så, eg sykla med håndveska på ryggen, og dei leigde syklane var ikkje akkurat dei beste. Men kva kan ein vente når det er gratis sykkelutleige? Vi leverte inn passa våre som pant, måtte skrive under på eit formular, og bli tatt bilde av, så hadde vi syklar gratis i tre timar. Utleigebua var på venstre sida av den store kyrkja på Zucaloplassen, Catedral Metropolitana, dersom nokon andre vil leige sykkel i Mexico ein gong.
Eg trur bare eg ville gjort det ein søndag, men då er det absolutt å anbefale.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar