Veien frå Gramstad til Dale er egentlig veldig kupert. I dag hadde ein nok bygd ein veg som var meir jevn, kanskje nede ved sjøen. Nå følgjer han terrenget. Det fekk oss til å lure på om det opprinneleg var ein gammal kjerreveg, eller endå eldre, ein sti, som var opphavet til trasévalet. Det går det vel an å finne ut.
mandag 5. april 2010
Sandnes: Austrått - Hana - Dale -Sandnes
Fin tur: Austrått - Hana - Aspervik - Gramstad - Dale og retur om Sandnes og Austrått skole. 1 t 20 min (540 kcal). Frå Sandnes til Gramstad er det sykkelsti, frå Gramstad til Dale må ein sykle på bilveg, men det nesten ikkje trafikk på den sida av Gandsfjorden. Litt ironisk då å kome til skiltet på Dale som seier: Vitale Dale. Like ironisk som vi oppfatta det då vi ein gong overnatta på ein gudsforlatt stad på Jylland, Gedsted, og slagordet der var Gedsted - stedet der følger med i tiden. Men eg ser at på Dale er det ein visjon - eller eit reklametriks, alt etter kva språk ein vel å bruke. Det skal bli vitalt, ein fin stad å bu, når det bare kjem i gang bygging der. Det blir når det blir betre vegsamband utanom Sandnes sentrum. Dale har vore psykiatrisk sjukehus, flott var det ein gong, påbegynt i 1911.
Veien frå Gramstad til Dale er egentlig veldig kupert. I dag hadde ein nok bygd ein veg som var meir jevn, kanskje nede ved sjøen. Nå følgjer han terrenget. Det fekk oss til å lure på om det opprinneleg var ein gammal kjerreveg, eller endå eldre, ein sti, som var opphavet til trasévalet. Det går det vel an å finne ut.
Veien frå Gramstad til Dale er egentlig veldig kupert. I dag hadde ein nok bygd ein veg som var meir jevn, kanskje nede ved sjøen. Nå følgjer han terrenget. Det fekk oss til å lure på om det opprinneleg var ein gammal kjerreveg, eller endå eldre, ein sti, som var opphavet til trasévalet. Det går det vel an å finne ut.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar