Skjærtorsdag ettermiddag var det nokså få fotgjengarar der.
fredag 2. april 2010
Sandnes: Rundt Stokkelandsvatnet og gjennom Sandvedparken
Ein kort tur, men ei perle: Å sykle rundt Stokkelandsvatnet på Ganddal og vidare nedover Sandvedparken til Brueland og Sandnes. Sandvedparken er eit 2,7 kilometer langt parkdrag frå Ganddal stasjon til Sandnes langs Storånå, veldig smal nokre stader, men så vidar han seg ut til ein stor plen, for eksempel. Vi sykla heilt ned til Vågen og kikka på åpninga av Storånå ved den nye Vågen videregående skole. Både Stokkelandsvatnet og Sandvedparken er stader for turgjengarar og joggarar, så syklistar må ta det med ro.
Etiketter:
Sandnes,
Sandvedparken,
Stokkelandsvatnet,
sykkeltur
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar