Sykle til jobben er for meg turen Sandnes aust - Ullandhaug, Stavanger. Du kan velje fleire alternativ når du skal sykle mellom dei to byane. For oss i austre delar av Sandnes er Strandgata (Norestraen) einaste realistiske valet, sjølv om det trafikkmessig er eit dårleg alternativ, med hus tett i vegen som gjer det umogleg med samanhengande sykkelsti. Men Norestraen er flat, noko alternativa ikkje er.
Vidare kan Lura kan passerast over Lurahammaren, det gjer ein når ein skal dit og liker bakkar. Elles er valet Forussletta, med gode sykkelforhold på høgre side. (Sjå opp for sidevegar og folk som ventar på bussen). Om morgonen kan ein krysse parkeringsplassen på Kvadrat og sykle mot IKEA langs Luramyrveien.
Etter IKEA har ein to alternativ som eg driv og forskar på:
1. Over Statoil, opp Godesetveien, gjennom bustadområda ved Gautesete skole, langs Jåttåvegen til gangbru over motorvegen (Asser Jåttens veg) og inn på same trasé som alternativ 2. Sykla denne i heile fjor. Prøver nå ut eit alternativ:
2. Over motorvegen ved IKEA, langs Vassbotnen og Svanholmen på sykkelsti heile vegen, kryssar ved Elkjøp, vidare på ein av fleire sykkelstiar nord - sør mellom industribygga, ut på det som ser ut til å bli sykkelstamveg Forus - Sola, litt vanskeleg å finne når dei stadig grev på nye måtar, men bryet verdt: Du syklar midt i ein steinørken, så plutseleg er du inne i eit grønt landskap. Steingardar med mose, tett lauvskog, benkar og bord. Mange syklistar har funne strekket, som munnar ut i eit plankryss ved bomstasjonen på Nesbuvegen. Deretter til høgre og inn til diagonalen.
Eg har prøvd å sykle til Universitetet via Sørmarka. Ein gong var nok: Stigning og grus. Nei, sykle langs Grannesvegen. Der kan du glede deg over å betrakte bilkøen som kjem imot. Sykkelstien er grei, og når du svingar opp Kristine Bonnevies veg, er bakken opp til Ullandhaug såpass moderat at det går an å sykle opp.
Sykkelkart Sandnes - Stavangerområdet
Interaktivt sykkelkart Sandnes
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar