mandag 23. mai 2011

Piran - Porec 60 km

Saltutvinning i Slovenia.
Litt av det kanadiske lokomotivet.

Første strekning Piran- Portoroz - Lucija sykla vi på fortau i turistland. Deretter ned ein stupbratt bakke til sykkelsti G8 som gjekk langs kanten på eit gigantisk saltuvinningsområde. Saltuvinninga var visstnok ennå i drift, men nok bare i begrensa grad. Sykkelstien her gjekk også langt på ein nedlagd jernbane, med bruer og fleire tunnelar, den lengste på 5,5 km, med belysning.
Ganske mange personar sykla same turen parallelt med oss. Ei gruppe med guide, åtte kanadiske vaksne damer som utgjorde det kanadiske lokomotivet, dei fekk også tilhengarar: ein rørosing og eit par frå Gent. I tillegg hadde vi eit par frå Brussel og eit frå Munster (med ruta på GPS). Det kanadiske lokomotivet gjekk "som på skinnar" og bevega seg ut frå eigen tyngde: kjørte feil fleire gonger, men kom sterkt igjen. Ein gong hengde vi oss på lokomotivet og fekk nokre kilometer ekstra i åsane over Trieste. Les alltid kartet sjølv, er lærdommen av det. Paret med GPS var meir å stole på. Stort sett hadde funactive gjort ein god jobb med løypa. Merking med piler får karakter 4+, kart inklusive forklaring får 5 av 6. 

Etter saltminene måtte vi gjennom passkontroll mellom Slovenia og Kroatia. Deretter gjekk løypa gjennom landsbygda i Kroatia. Her såg vi traktor av Gråtasstypen i full bruk, rullande supermarked (varebil med varer) og jordbruk i full drift. Produkta var druer, oliven, kirsebær, plommer, epler og anna frukt, samt grønnsaker.

I Kroatia er det mykje mindre velstand enn i Italia. Noen hus var fine og oppussa, medan andre var gamle, slitne og hadde tydeleg preg av å vere bygde i mange omgangar. Det var også ganske mange påbegynte hus som var forlatt, dei sto der som skjelett og venta på fortsettelsen. Bilane var også gjennomgåande eldre enn dei italienske. 
Turismen i Kroatia er likevel velutvikla. I Porec budde me på Hotel Valamar Pinia, eit feriehotell med tennisbanar, sykkelutleige osv,, og det låg i ein park ved stranda. Fem minutt med taxi til gamlebyen, som også var verdt eit besøk, med smale gater, gamle hus, butikkar og restaurantar. Basilika som står på UNESCO-lista. Vi åt middag på taket av eit tårn frå 1400-talet, i selskap med måken Jonathan, som gjerne ville ha litt fisk.
Dagen etter gjekk turen med luftputebåt til Venezia, det tok to og ein halv time. Fin avslutning.
Turen var ein av dei litt hardare turane av dei me har gjennomført, men ikkje verre at dei fleste kan klare han. Han er fin og variert, og i mai er klimaet bra. Det kan nok bli varmt seinare på sommaren.



Trieste - Muggia - Piran 60 km

Fantastisk strekning.
Først ut av Trieste på sykkelsti som var ein nedlagd jernbane. Det gjekk oppover fint og slakt, og etterkvert fekk me ei fantastisk utsikt over byen Trieste, som er ein vakker by, og ut over Adriaterhavet. Sykkelstien var god, med tydelege teikn etter jernbanen som fine tunnelar og bruer. Den lengre varianten av løypa gjekk langt på denne jernbanestrekningen, vi ga oss etter 10 km, og freste ned gjennom smale gater i landsbyane i utkanten av Italia.

Etterkvart kom vi til havet og byen Muggia, fin middelalderby det også. Langs kysten vidare var det mykje turisme, både fint og stygt. Vegen var veldig grei, med ein eller annan form for sykkelsti. I Muggia hadde dei laga ein flott sykkelsti heilt nede på kaien, til og med ei eiga trebru for syklistar.

På torget i Muggia hadde me ein fantastisk lunsj: San Daniele-skinke med ruccolasalat og brød. Dette enkle, men nydelege måltidet gjekk inn i ei rekkje med gode måltid, mest med sjømat: Steikt fisk, blåskjell, andre typar skjell, reker av ulike typar, blekksprut, fiskesuppe... Og både lokal vin og øl passa til. Husets vin var alltid god.

Straks me kom inn i Slovenia blei vegstandarden dårlegare, og vi møtte eit industriområde, det såg ut som det blei eit land med mindre velstand. Ja, Slovenia har meir rusk enn Norditalia, men det er i ferd med å ta seg opp. Nokre hus er fine og nyoppussa, mens andre er meir sletne. Likevel blei vel overnattinga på hotel Tartini ut mot Tartiniplassen i Piran eit høgdepunkt på turen. Piran er verkeleg ein vakker by, sjå utsikta frå hotellromet til høgre.

Aquileria - Trieste 60 km

Først eit par mil på slettelandet igjen, på landsvegar og noko på meir trafikkerte vegar. Så skiftar landskapet totalt karakter til fjellandskap. Vi får litt stigning opp til 120 meter over havet, ikkje verre enn at det går, og vi syklar gjennom dei første tunnelane på vegen. 

Veret har også endra karakter og blitt til sommarver, mellom 20 og 30 grader. Derfor blir lunsjen picnic på bryggekanten i Duino med utsikt over turkis Adriaterhav, og med ferskt brød, skinke, tomatar, vannmelon og ost kjøpt i den lokale butikken. 
Trieste er ein fin byHotell Italia er slett ikkje verst, det er fine butikkar, livlig kafe- og restaurantområde og havneområde. Byen var ei tid den fjerde største i det ungarsk-østerrikske riket, under habsburgarane, som havneby for riket, og ein viktig handelsby. Det er mange spor etter habsburgarane. Eitt tydeleg spor er lystslottet Miramare og den fantastiske parken rundt slottet, det var hertug Maxmillian som bygde det slottet  på 1860-talet. Eit anna spor er jernbanen som knytta Trieste til Europa og Asia. Nokre av jernbanetraseane er nedlagde og laga om til sykkelsti. Ein slik ein sykla vi på ut av Trieste neste dag. 
På begge sider av Trieste er det utbygd turisme, for eksempel i Sistiana og Miramare. Det er lite sandstrand, fjellet går meir og mindre rett ned i havet. Problemet er løyst med lange og breie strandpromenadar kor folk ligg og soler seg på betongen, litt uvant å sjå, og å sykle rundt øyrene på dei.


Vi legg merke til at gateskilta har to språk, og får opplyst at det er italiensk og friulisk! Endå eit nytt språk. Ungdom kan ikkje friulisk, det er eit språk bare dei gamle bruker, sa ein gjeng vi spurde.



søndag 22. mai 2011

Portogruaro - Marano Lugunare - Aquileria 78 km

Mellom Portogruaro og tvillingbyen Concordia Sagitaria er det ein svært fin sykkelsti, asfaltert, merka i to retningear og med eiga sykkelbru. Vi sykla denne vegen og opplevde eit yrande liv der, spesielt om morgonen var det kjekt å sjå hordar med skoleungdom kome syklande på stien mot oss. Gode sykkelstiar blir tydelegvis sett pris på.

Også denne etappen gjekk gjennom flatt jordbruksland, med ein avstikkar ned til fiskebyen Marano Lugnare for lunsj i Osteria Porta del Mar, som var anbefalt av Funactive. Veldig fin liten by, grunnlagt i romartida, med levande fiskeriverksemd, med blomar, reint og velstelt.

Denne etappen er ganske lang, men relativt lett. Han er også flat, null meter stigning, og når vi hadde vinden i godt lune, gjekk det veldig bra.

Overnattingsbyen Aquileia er kjent for dei romerske utgravingane sine. Det var ruinar overalt, dette skal viss vere eit av dei større funna av romerske ruinar. Spesielt interessante var ein del golvmosaikk som var godt bevart og tilgjengeleg i friluftsmuseum som var ope heile tida.

Det er ganske mange som syklar same ruta som oss. Ei gruppe på ti med guide frå Funactive, seks kanadiske damer, ein rørosing, eit tysk og to belgiske par. Vi meiner sjølv at vi er i god form, og liker ikkje heilt at dei andre syklar frå oss. Denne etappen "vann" vi nesten. Hurra! Spesielt fordi det var 17. mai! (vi sykla med små, norske sløyfer).


Ein del av dei andre hadde slått seg saman ei lang rekkje. Vi kom etter dei, og då blei det 14 syklistar på gule syklar etterkvarandre. Ganske mektig, så vi slepte dei frå oss. Det var vi glade for då det viste seg at dei sykla feil, mens Falkeøye hos oss såg den avgjerande pila, sjå biletet til høgre, ser du pila?. På dette punktet i løypa denne dagen var det avvik mellom kartet og merkinga, og der måtte vi hjelpe det kanadiske lokomotivet på rett spor igjen. Kartfrid hos oss blei etter dette sett opp til som ein av dei større autoritetar på kartlesing innanfor sykkelmiljøet i vestlege delar av Kanada, og konsultert når det dukka opp problem. Ho bør nok dele æra med Falkeøye

onsdag 18. mai 2011

Jesolo - Caorle - Portogruaro 70 km

Kala i grøfta framfor eit hus
Heldigvis kom sola. Turen blir slik me hadde tenkt.
Ut av turistland og inn i jordbruksland. Det er vår i Veneto og Friuli, men kornet og grønnsakene veks friskt. Det paddeflate området er fulldyrka, me ser ris, mais, kveite, frukt, vinranker. Det er velstelt overalt, og rosebuskar blømer. Spesielt legg me merke til store, snøkvite kala i mengder litt nede i dreneringsgrøftene utafor husa. Fantastisk flott.

Det er paddeflatt, og området er heilt sikkert utsett ved flaum. Derfor er det bygd svære jordvollar på sidene av kanalane og elvene. Ein god del av tida syklar me oppå slike jordvollar, herleg, med godt asfalterte vegar på vollane. Ein sjeldan gong møter me ein bonde i bilen sin, og det er ikkje noko problem. Dei gule syklane me har leigd rullar lett. Sykkeleksperten som er med, meiner at dekka er knallharde, sidan desse relativt tunge syklane med oppakning er så lettsykla. - At syklane rullar lett kan også ha noko med vindretningen å gjere. Vind i ryggen er ein god ting på flat mark.

Mange elever og kanalar i Portugruaro
Me får eit veldig godt inntrykk av italienarar: ein stad me spør om vegen til ein sykkelbutikk, kastar gutten me spør seg på sykkelen sin og syklar framfor oss, i staden for å forklare på dårleg engelsk. I Portogruaro får me tilsvarande hjelp i ein kafe når vi spør om vegen til hotel Antigo Albergo Spessotto****! Me har ikkje noko å klage på.

Me er i Portugruaro ein måndag. Må får sjå alt det fine, gamle i byen, men mange av restaurantane er måndagsstengde.



søndag 15. mai 2011

Mestre - Venezia - Lido de Jesolo 40 km


Veret rundt Middelhavet skulle vere fint i mai, trudde me. Der tok me feil. Men trass i regn og motvind har me hatt ein flott tur frå Mestre via Venezia til Lido de Jesolo.

Mestre er bakgarden til Venezia, byen på landet "bak", der ein har putta alt det der ikkje er plass til i Venezia, bilar, bussar, fabrikkar og dei lokale som ikkje har råd til å bu på Venezia-øya. Men me budde godt der på Ai Pini, firestjerners hotell i liten park, elles var området me starta syklinga i så som så. Men lett å finne fram.

Mellom Mestre og Venezia er det ei 5 kilometer lang fylling/ bru med veg, jernbaneskinnar og sykkelsti av middels kvalitet, sjå biletet. Med vind i ryggen gjekk det kjempefint ut til Venezia. det vil seie, ikkje heilt inn i byen, nei me svinga av til høgre og fann ferjeleiet til Lido de Venezia, og kom oss på ferja. Ferjeturen gjekk forbi Markusplassen og mykje kjekt, før me gjekk i land på Venezia si strandøy. Derfrå skulle me finne ein annan båt vidare til fastlandet. Me tulla litt med vegen i regnet, litt vanskeleg å lese kart då, men fann båten til slutt. Etter denne kom ein verkeleg flott sykkeletappe langs sjøen, men me hadde motvind og piskande regn i ansiktet og fekk ikkje heilt nyta den flotte naturen, kan du seie. Fullt regnutstyr var beste påkledning då, dei som ikkje hadde det, blei veldig våte og kalde. - Me kunne ha ringt til følgebilen frå Funactive som kunne ha kjørt oss og syklane til hotellet. Det kom ikkje på tale, første dagen.

Jesolo er må vel vere inkarnasjonen på turistghetto. Kilometervis med hotell, restarantar og butikkar. Vårt hotell Bali fann me først etter litt leiting, delvis på grunn av at kartet var klissvått og vanskeleg å lese. Me sakna dei grøne pilene som skulle vist oss vegen store delar av turen, hadde sikkert sykla litt feil, men kartet var godt så lenge det var tørt, og vegbeskrivelsen var god. Me hadde også god hjelp av sykkelcomputer son målte avstanden. Dessutan hadde me med oss kompass, barometer, termometer og utsyr til å måle høgda over havet, så me klarte oss. Legg også merke til at sola var på plass dag to, sjå strandbiletet.

søndag 8. mai 2011

Sykkel og jernbane



Dagens tema blei jernbane


1. Vi sykla den herlege nye ruta langs dobbelsporet frå Lura til Stavanger (sjå eige innlegg). Vind frå sør gjorde det veldig lett.

2. For å sleppe motvind, tok me syklane på toget til Bryne. Heldigvis kom me ikkje i sykkelkø på toget. Tidlegare i veka las me om at syklistar som skulle trene til Nordsjørittet måtte bruke bil til Egersund, det blei for mange syklar på toget! God logikk: Kven skal så kjøre bilen tilbake! - Og dumt i vår verden når både kollektivtrafikk og sykling bør stimulerast. - Men me og syklane våre kom med denne dagen.

3. Frå Bryne sykla me til Orstad og innom han Elkjøp. Han tipsa oss om ei herleg, ny rute: Frå Håbakken inn i Kalbergskogen og nedover mot Figgjoelva og den nedlagde Ålgårdbanen (Del av trase for Garborgriket rundt). Me sykla der oppover langs den gamle banen til skytebanen og kom ut på E36 ved Bråstein. Tenk der har det vore ein tversforbindelse mellom Sandnes, Time og Klepp heile tida, for syklistar vel å merke.

Ålgårdbanen skulle gå frå Ganddal til Helleland, kor han skulle møte Flekkefjordbanen. Første etappe blei bygd i tidsromet 1921 til 1924, og i 1955 var det stopp ved: Holane, Vagle, Foss-Eikeland, Kalberg, Bråstein, Figgjo Fajanse, Figgjo fabrikker og Ålgård. Det var ti daglege avgangar kvar veg. Den må ha vore viktig for dei som arbeidde på Foss-Eikeland Figgjo, før bilen var vanleg. - Prisdumping på buss konkurrerte ut persontrafikken i 1955, men godstrafikk var det heilt til 1988. På Figgjo er jernbanetraseen broten fordi brua over vegen er borte, men nå har dei vore finslege med sporet i arbeidet med den nye brua på Foss-Eikeland.

I England hadde dei laga god sykkelveg i staden for jernbane, sjå Cinder Trail. Her låg skinnane ennå, men på sida var det grei sti å sykle på. Men han står ikkje på sykkelkartet for Sandnes. Det burde han

.

onsdag 4. mai 2011

Aktivitetskonkurransar

På jobben har me vore med på ein aktivitetskonkurranse som heiter dytt.no. Det gjeld å gå med stegteljar, og kvar dag rapportere kor mange steg ein har gått. Vi er lag, og vi konkurrerer mot kvarandre som lag. Heile tida blir listene oppdaterte, og kampen blir illustrert med små figurar som flytter seg. Mykje kjekkare enn eg hadde trudd, og det har gått sport i det. (Laget mitt ligg forresten på andreplass på jobben.) Nå er det og slik at det tel med å sykle. Når eg syklar, melder eg inn tid eg har sykla og intensitet, og så blir det omrekna til steg. Til og frå jobben min gir 19000 - 20000 steg. Det er det som reddar min innsats i denne konkurransen. På kontoret blir det ikkje mange steg. Nå ligg eg så godt an at eg må sykle kvar dag for å halde meg på høgda. Det passar ikkje alltid med oppgåvene mine, så det blir eit problem.



Måndag starta også "Sykle til jobben". Eg melde meg også på der. Så så lenge som både Dytt og Sykle til jobben er i gang, får eg dobbelt for kvar sykkeltur! Det er ganske langt frå heimen til jobben, men eg kjem nok til å sykle så sant det ikkje kolliderer med oppgåvene mine: Skolebesøk, Osloturar og andre reiser. Kva med dusj og sykkelparkering på flyplassen? Vi som reiser på dagsreiser kunne godt ha sykla dit!

søndag 1. mai 2011

Rundt med Bersagel 44 km (Frå Austrått)

 Jødestad. Legg merke til intakte steingardar langs vegen.
Ei litt lang rute som er fin å sykle, er denne ruta som går i austre del av Sandnes kommune.

Veldig variert, litt krevjande fordi ho er kupert, og veldig kjekk. Vi startar i by, syklar langs trafikkert veg på sykkelsti mot Hommersåk, sjå eige innlegg om den. Før Hommersåk svingar vi av retning Li. Her er det fredelegare, og du får fin utsikt i retning Ryfylke. Landskapet er åpent og fritt, med fine gardar. Lurer på om dei som bur der set pris på den storslåtte utsikta! (Første mil er unnagjort)

Kvitveis
Det ber så ned mot sjøen, og til Hommersåk, med butikkar, kafe og to kyrkjer. Så tar vi av retning Bersagel, vi kjem inn i idyll og hytteland. Vegen er smal, utan sykkelsti, men det er lite trafikk. Herleg!

Men også ein del bratte bakkar, så det blir god trening. Kvitveis i bakkane, blømande frukttre og rød Rhododendron gjer turen ekstra flott om våren. (Milpause 2, ned mot sjøen i Eltervåg.) Denne delen av Sandnes kommune er ein smak av Ryfylke og øyane utover.

Etter Bersagel, som ennå har trekk av "gamle dagar" med hus med glassveranda like ut i vegen, svingar ruta vår innover Lutsivassdraget: Vi får landskap nr. 4 på turen: Ferskvann/fjellandskap. Framleis idyll og hytter, forbi Horve og Fløysvik, (milpause 3) før vi kjem inn på den velkjende vegen mellom Sandnes og Hommersåk, brei veg, mange bilar og sykkelsti igjen. Milpause 4 på Vatne. Me er i tettbygde strok igjen.