Mestre er bakgarden til Venezia, byen på landet "bak", der ein har putta alt det der ikkje er plass til i Venezia, bilar, bussar, fabrikkar og dei lokale som ikkje har råd til å bu på Venezia-øya. Men me budde godt der på Ai Pini, firestjerners hotell i liten park, elles var området me starta syklinga i så som så. Men lett å finne fram.
Mellom Mestre og Venezia er det ei 5 kilometer lang fylling/ bru med veg, jernbaneskinnar og sykkelsti av middels kvalitet, sjå biletet. Med vind i ryggen gjekk det kjempefint ut til Venezia. det vil seie, ikkje heilt inn i byen, nei me svinga av til høgre og fann ferjeleiet til Lido de Venezia, og kom oss på ferja. Ferjeturen gjekk forbi Markusplassen og mykje kjekt, før me gjekk i land på Venezia si strandøy. Derfrå skulle me finne ein annan båt vidare til fastlandet. Me tulla litt med vegen i regnet, litt vanskeleg å lese kart då, men fann båten til slutt. Etter denne kom ein verkeleg flott sykkeletappe langs sjøen, men me hadde motvind og piskande regn i ansiktet og fekk ikkje heilt nyta den flotte naturen, kan du seie. Fullt regnutstyr var beste påkledning då, dei som ikkje hadde det, blei veldig våte og kalde. - Me kunne ha ringt til følgebilen frå Funactive som kunne ha kjørt oss og syklane til hotellet. Det kom ikkje på tale, første dagen.
Jesolo er må vel vere inkarnasjonen på turistghetto. Kilometervis med hotell, restarantar og butikkar. Vårt hotell Bali fann me først etter litt leiting, delvis på grunn av at kartet var klissvått og vanskeleg å lese. Me sakna dei grøne pilene som skulle vist oss vegen store delar av turen, hadde sikkert sykla litt feil, men kartet var godt så lenge det var tørt, og vegbeskrivelsen var god. Me hadde også god hjelp av sykkelcomputer son målte avstanden. Dessutan hadde me med oss kompass, barometer, termometer og utsyr til å måle høgda over havet, så me klarte oss. Legg også merke til at sola var på plass dag to, sjå strandbiletet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar