|
Saltutvinning i Slovenia. |
|
Litt av det kanadiske lokomotivet. |
Første strekning Piran- Portoroz - Lucija sykla vi på fortau i turistland. Deretter ned ein stupbratt bakke til sykkelsti G8 som gjekk langs kanten på eit gigantisk saltuvinningsområde. Saltuvinninga var visstnok ennå i drift, men nok bare i begrensa grad. Sykkelstien her gjekk også langt på ein nedlagd jernbane, med bruer og fleire tunnelar, den lengste på 5,5 km, med belysning.
Ganske mange personar sykla same turen parallelt med oss. Ei gruppe med guide, åtte kanadiske vaksne damer som utgjorde det kanadiske lokomotivet, dei fekk også tilhengarar: ein rørosing og eit par frå Gent. I tillegg hadde vi eit par frå Brussel og eit frå Munster (med ruta på GPS). Det kanadiske lokomotivet gjekk "som på skinnar" og bevega seg ut frå eigen tyngde: kjørte feil fleire gonger, men kom sterkt igjen. Ein gong hengde vi oss på lokomotivet og fekk nokre kilometer ekstra i åsane over Trieste. Les alltid kartet sjølv, er lærdommen av det. Paret med GPS var meir å stole på. Stort sett hadde funactive gjort ein god jobb med løypa. Merking med piler får karakter 4+, kart inklusive forklaring får 5 av 6.
Etter saltminene måtte vi gjennom passkontroll mellom Slovenia og Kroatia. Deretter gjekk løypa gjennom landsbygda i Kroatia. Her såg vi traktor av Gråtasstypen i full bruk, rullande supermarked (varebil med varer) og jordbruk i full drift. Produkta var druer, oliven, kirsebær, plommer, epler og anna frukt, samt grønnsaker.
I Kroatia er det mykje mindre velstand enn i Italia. Noen hus var fine og oppussa, medan andre var gamle, slitne og hadde tydeleg preg av å vere bygde i mange omgangar. Det var også ganske mange påbegynte hus som var forlatt, dei sto der som skjelett og venta på fortsettelsen. Bilane var også gjennomgåande eldre enn dei italienske.
Turismen i Kroatia er likevel velutvikla. I
Porec budde me på
Hotel Valamar Pinia, eit feriehotell med tennisbanar, sykkelutleige osv,, og det låg i ein park ved stranda. Fem minutt med taxi til gamlebyen, som også var verdt eit besøk, med smale gater, gamle hus, butikkar og restaurantar. Basilika som står på UNESCO-lista. Vi åt middag på taket av eit tårn frå 1400-talet, i selskap med måken Jonathan, som gjerne ville ha litt fisk.
Dagen etter gjekk turen med luftputebåt til Venezia, det tok to og ein halv time. Fin avslutning.
Turen var ein av dei litt hardare turane av dei me har gjennomført, men ikkje verre at dei fleste kan klare han. Han er fin og variert, og i mai er klimaet bra. Det kan nok bli varmt seinare på sommaren.
Hyggelig å lese om turen deres. Fine bilder! Vi er veldig glade iItalia. Selv om veiene kan være så som så og trafikken noe støyende, er det hyggelig å være sykkelturist. I mai ifjor var vi i Marche og Umbria. Kan anbefales. Gleder oss til sykkelferie senere i sommer.
SvarSlett